Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Sal, servering og skjenking

Retningsliner i Klepp kommune - omsetning av alkoholhaldig drikke 2016 - 2020

Vedteken i kommunestyret 14.03.2016

Ambulerande skjenkeløyve

For alkoholhaldig drikk gr.1, 2 og 3 – i samband med lukka selskap.

Med lukka selskap meiner ein at løyvet er tenkt brukt ved bryllaup, jubileum og liknande arrangement der det er ønskeleg å skjenke alkoholhaldig drikk mot betaling. Med "slutta selskap" er meint at det allereie, og før skjenkinga byrjar, er danna ein slutta krins av personar som samlast for eit bestemt føremål i eit bestemt lokale.

Behandlingstid 3 uker.

Søkar treng ikkje å ha bestått kunnskapsprøve.

Søknadsskjema og Informasjon om lukka selskap

Skjenkeløyve for eit enkelt høve

For alkoholhaldig drikk gr.1 og 2 – for eit ope arrangement.

Skjenkebevilling for ope arrangement kan gis for eit enkelt høve til foreiningar, organisasjonar og føretak registrert i Brønnøysundregistrene.

Bevilling kan ikkje gis til:

· privatpersonar

· arrangement for barn og unge under 20 år

· klubbar politiet definerer som kriminelle

Det vil bli stilt vilkår om at skjenkestyrar kan dokumentere bestått kunnskapsprøve i alkohollova.

Søknadsskjema - henvend deg til rådhuset

Behandlingstid 3 uker. Søknadsskjema

Den interkommunale eininga for miljøretta helsevern utfører tenester for kommunane Klepp, Time, Hå, Sandnes, Gjesdal, Eigersund, Finnøy Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Lund, Sokndal, Strand og Rennesøy.

Alle prøver: Kunnskapsprøve for salsbevilling, kunnskapsprøve for skjenkebevilling, etablerarprøve og læremateriell finn du her: Skjenkekontroll

Serveringsløyve 

For å drive serveringsstad må du ha

Ein serveringsstad er ein stad kor det vert servert mat og/eller drikke og kor gjestene kan spise og/eller drikke på staden. Serveringsstader kan vere restaurantar, kafear, konditori, gatekjøkken, potetvogner, puber og bensinstasjonar.

Søknadsskjema - henvend deg til rådhuset

Skjenkeløyve

Personar eller verksemder som ønsker å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søke om skjenkeløyve. Skjenkjeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen. Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det vert søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Kriterium/Vilkår

Skjenkeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må òg ligge føre eit serveringsløyve. Løyvesøkaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova.

For å servere alkoholhaldig drikke må serveringsstaden ha

  • serveringsbevilling
  • skjenkebevilling

I tillegg må styrar og styrar sin avløysar ha bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve

Salsløyve

Personar eller verksemder som ønsker å selje eller utlevere alkoholhaldig drikke for drikking utanfor salsstaden, må søke kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til kombinert bensinstasjon/matvarebutikk, daglegvare utan fast utsalsstad, til utkøyring eller ølutsal.

Personar eller verksemder som ønsker å selje og utlevere alkoholhaldig drikk utanfor salsstaden, må søke komunen om salsløyve. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gitt for maksimun 4 år om gangen.

Endringar i løyve skjer ofte fleire ganger i løpet av løyveperioden. Dette kan f.eks skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforholdet. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyve fell bort dersom verksemda blir overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheiten er underretta om det. Det må søkest om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Kriterium/Vilkår

Løyvesøkaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.

Søknadsskjema

Salgsbevilling - søknad om bevilling til salg av alkoholholdig drikk gruppe 1

Serverings- og/eller skjenkebevilling - søknad

Serveringsbevilling - søknad

Skjenkebevilling - søknad

Skjenkebevilling - søknad om bevilling for én bestemt anledning (lukket og åpent arrangement)

Etablerarprøve for serveringsstad

Det krevst kunnskap om økonomistyring og relevante reglar, herunder serveringslova, skatte- og avgiftslova, regnskapslova, konkurslova, arbeidsmiljølova og alkohollova. Prøvedatoar og informasjon.

Kunnskapsprøve for bevilling

Kunnskapsprøvene for salsbevilling og skjenkebevilling vert haldne på samme dag. Prøvedatoar og informasjon.

Rådhuset

Besøksadresse:

Solavegen 1
4352 Kleppe

Posadresse:

Postboks 25
4358 Kleppe

Telefon: 51 42 98 00