Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Rus

Rusvernteam

Rusvernteamet gir tilbod til deg som bur i Klepp kommune, er over 18 år og har eit rusproblem.

Oppfølginga blir utforma i samarbeid med deg. Utgangspunktet er dine ressursar, ønsker og mål for å oppnå ein betre rusmestring.

Vi jobber fleksibelt og du vel sjølv kor du ønsker at vi skal treffest.

Tilbodet kan omfatte:

  • Innsøking i rusbehandling
  • Innsøking i LAR
  • Råd og rettleiing
  • Samtalar med fokus på rusmeistring
  • Hjelp til å strukturere kvardagen
  • Oppfølging i bustaden
  • Hjelp til å ta kontakt med andre hjelpeinstansar og samarbeid med desse
  • Tilrettelegging for meiningsfylte aktivitetar og sosialt nettverk
  • Støttekontakt
  • Samarbeid med fastlegen, spesialisthelsetenesta, rusinstitusjon og private tiltak
  • Hjelp til skadereduksjon etter omfattende rusmiddelmisbruk
  • Hjelp til å koordinere tiltak og tenester
  • Samarbeid om individuell plan
  • Ansvarsgruppe
  • Rådgjeving og rettleiing til pårørande etter samtykke med bruker
  • Undersøke bekymring frå næraste pårørande ved langvarig og omfattande rusmisbruk
  • Oppfølging av gravide rusmiddelavhengige

Viss du ønsker oppfølging kan du ta kontakt med oss på 51 42 98 00  eller fylle ut søknadskjema. Du kan også be din lege/behandlar om tilvising. 

ROP- Rus og psykiatri

Pasientar med alvorleg rusliding har ofte samtidig psykisk sjukdom, og pasientar med psykisk sjukdom har mykje oftare rusliding enn gjennomsnittet i befolkninga. Kombinasjonen rusliding og psykisk sjukdom har fått kortnavnet ROP-lidingar.

For å sikre god og einsarta behandling av ROP-lidingar har Klepp kommune sett saman eit ROP-team. 

Vakttelefon Psykisk helse og rus: 400 36 690

Aktivitetar

Møteplassen er eit kulturelt fritidstilbod for menneske med ulik rusavhengighet.

Gnisten (tidlegare kontaktsenteret) er eit treffpunkt for fysisk aktivitet og forskjellige brukargrupper. Program for Gnisten våren 2017.