Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Psykisk helse- og rustenesta

Recovery - å bli betre

Vi jobber ut ifrå recoveryfilosofien.

Men kva er recovery? Recovery er engelsk og betyr å kome seg. På norsk er dette oversett til - å bli betre. Å bli betre er ein prosess som er unik for den enkelte.

Recoveryorienterte tenester tar utgangspunkt i det som er viktig for deg og dine behov, ønsker, drømmer og muligheiter. Vi samarbeider med deg og støttar deg i din prosess.

«Recovery er en dypt personlig, unik prosess med endring av egne holdninger, verdier, følelser, mål og ferdigheter og/eller roller. Det er en måte å leve et liv på som er tilfredsstillende, deltagende og fylt av håp, selv med de begrensninger som lidelsen forårsaker. Bedring involverer utvikling av ny mening og innsikt i eget liv”           

Anthony 1993, oversatt av Solfrid Vatne.

Kikk gjerne nærare på verdigrunnlag for recoveryarbeid i Rogaland.

https://www.fylkesmannen.no/contentassets/837d8f4f3ba54e7e953e7217c2d2047e/verdigrunnlag-a5-hefte.pdf

Alle våre tenester har fokus «kva er viktig for deg?» Vi ønsker å samarbeida med deg og gje deg hjelp der du er.

Tenestetilbod

Søknadsskjema finn du her.

Dine rettar som brukar av kommunale helse- og omsorgstenester kan du finna i Lov om pasientrettigheter

Undervisning og opplæring i sjølvhjelpsmetodikk

Sjølvhjelp er eit reiskap for å bli betre. Det å læra om sin sjukdom, læra teknikkar for å meistra symptom og tankar er viktig for betring.

Kognitiv terapi og kognitive teknikkar rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanheng mellom tankar, handlingar og følelsar.

Eit viktig mål er å bryta sjølvforsterkande, vonde tankar som opprettheld psykiske helseproblem. 

Vi har god erfaring med følgande nettstader som presenterer sjølvhjelpsmetodikkar gratis på internett: 

www.NHI.no    

www.kognitiv.no

Hjelp til å koordinera tenester

    • Ansvarsgruppe
    • Samarbeid med fastlegen, spesialisthelsetenesta, rusinstitusjon eller private tiltak.
    • Samarbeid om individuell plan.
    • Nettverksmøte i samarbeid med JDPS

"Open dialog i nettverksmøter» kan beskrivast som ein arbeidsmetode og behandlingsform, der det er direkte og samtidig kontakt mellom hovudpersonen og hans eller hennar sosiale og offentlege nettverk. Metoden blir nytta som eit supplement til andre former for behandling. Arbeidsforma inneber at brukar møter fagpersonar og hjelparar saman med sitt sosiale nettverk".                                                                    

Rusvernoppfølging

Hjelp med fokus på å verta rusfri, meistra kvardagen med rusmisbruk og dei vanskane som kan oppstå som følge av rus.

 

    • Kartlegging og oppfølging med ulike tilnærmingar (samtalar, praktisk bistand).
    • Innsøking til Tverrfagleg spesialisert rusbehandling - TSB.
    • Innsøking til Legemiddelassistert rehabilitering - LAR.
    • Hjelp til legemiddelhandtering, nedtrapping.
    • Oppfølging med fokus på  rusmeistring eller avrusing, skadereduksjon.
    • Oppfølging av gravide rusmiddelavhengige i samarbeid med jordmor og fastlege.
    • Formidla kontakt til ulike aktivitetstilbod frå brukarorganisasjonar lokalt.

Kommunen har plikt til å undersøka dersom pårørande melder bekymringar ved langvarig og omfattande rusmisbruk. Ring då til 400 36 690, open telefon kvardagar 08.00 –15.00.

Lov om kommunale Helse og omsorgsteneser. Kapittel 10 § 10-1.

Kommunane skal ved melding frå pårørande om omfattande rusmiddelmisbruk foreta dei nødvendige undersøkingar i saka, og vurdera om det skal fremjast sak etter §§ 10-2 eller 10-3. Når saka er utreda skal pårørande ha tilbakemelding om dette. Full lovtekst finn du her: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30/KAPITTEL_10#KAPITTEL_10

Burettleiing

    • Hjelp til å strukturera eigen kvardag og busituasjon.
    • Oppfølging og opplæring i å bu i eigen bustad.
    • Hjelp til å skaffa oversikt ved økonomiske problem.

Psykisk helsearbeid

Støtte med fokus på å meistra sjukdom eller vanskelege situasjonar som følge av rus eller psykisk sjukdom

 

    • Kartlegging og oppfølging med ulike tilnærmingar (samtalar, praktisk bistand).
    • Oppfølging med fokus på kvardagsmestring
    • Oppfølging med fokus på ulik hjelp til sjølvhjelpmetodikkar med inntil 4 timar  rettleiing.
    • Handtering/opplæring i legemiddelhandtering
    • Praktisk bistand
    • Innsøking til pakkeforløp i samarbeid med fastlege / koordinering av pakkeforløp

 

For deg som treng tilrettelegging av kvardagsaktivitetar og hjelp til å bygga sosiale nettverk

  

Vi har fleire aktivitetstilbod som du kan delta på utan å søka tenester i kommunen:

 

Pårørandearbeid

Samtalar med rådgjeving og informasjon til pårørande (vaksne og barn) er eit tilbod til deg som er i familie med nokon som har rus- eller psykiske helseutfordringar.

    • Pårørandesamtalar (etter samtykke frå brukar)
    • Barn som pårørande – samtalar med barn, med fokus på deira særskilde behov.
    • Samtalar med pasientar som har barn, om korleis å vera ein god forelder når ein er sjuk.
    • Vi formidlar kontakt med andre  hjelpeinstansar  som helsestasjon eller spesialisthelsetenesta ved behov.
  • Det vil innimellom verta arrangert pårørandekafè  ROM FOR PÅFYLL  i samarbeid med Brukar- og pårørandeforum i Klepp. Sjå eige oppslag

Her finn du meir informasjon om dine rettar som pårørande:

http://www.parorendesenteret.no/tips-r%C3%A5d/barn-unge/rettigheter-for-barn-og-unge-som-er-p%C3%A5r%C3%B8rende