Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Omsorgsløn

Omsorgsløn

Omsorgsløn kan bli gitt til personar som har særleg tyngande omsorgsarbeid. Omsorgsytar har likevel ikkje eit rettskrav på omsorgsløn.

Vilkår:

  1. Omsorgsmottakaren må vere busett i Klepp kommune når omsorgen vert gitt.
  2. Omsorgsarbeidet må vere særleg tyngande, og klart overstige vanleg omsorg.
  3. Det er søkt om hjelpestønad.

 Søknad

Det må foreligge eigensøknad frå omsorgsytar. 

Søk om omsorgsløn

Størrelse på løn

Størrelsen på godtgjersla er avhengig av omsorgssituasjonen og av hjelpestønaden frå NAV.

Du får utbetalt omsorgsgodtgjersle kvar månad. Omsorgsløn er ei skattepliktig inntekt.

Kommunen vil løpande vurdere om det kan setjast inn andre tiltak for å avlaste omsorgsgjevaren. Du får difor godtgjersle for ein tidsavgrensa periode.

Sjølv om du får omsorgsløn, vert du ikkje rekna som kommunal arbeidstakar. Du har ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar.

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800