Den interkommunale eininga for miljøretta helsevern utfører tenester for kommunane Klepp, Time, Hå, Sandnes, Gjesdal, Eigersund, Finnøy Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Lund, Sokndal, Strand og Rennesøy.
Radon
Miljøretta helsevern har inngått ein kontrakt med Radonassistanse as om reduserte prisar til alle innbyggarane i medlemskommunane ved kjøp av brikker for måling av radon.
Melding eller godkjenning av lokaler
Verksemder som er underlagt forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet med videre (ekstern lenke), må melde lokalet til kommunen.
Tatoverings- og hulltakingsverksemd må søke om godkjenning, medan andre verksemder kun skal sende melding.
Søknad/melding skal sendast
- før lokala tas i bruk
- ved eigarskifte
- ved større endringar og utbyggingar
Frisør, hudpleie, massasje
Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle hygienekrava, men treng ingen godkjenning. Verksemda må sende melding til kommunen.
Det same gjeld for eksempel fotterapi, fotpleie, håndpleie, massasje og aromaterapi.
Solarium
Samtlege solarier, uavhengig om dei er tilknytta treningssentre, hotell, kioskar, skular, arbeidsplassar, frisørsalongar eller liknande, skal meldast til kommunen.
I tillegg skal verksemda sende melding til Statens strålevern
- før oppstart
- ved sal til nye eigarar
- ved nedlegging eller driftsstans
- ved navneendring
Du finn meir informasjon om solarium på sidene til Statens strålevern
Tatovering og piercing
Tatoverings- og piercingverksemd kan berre utøvast i lokale som er godkjent av kommunen.
Lokala skal vere utforma, innreidd og utstyrt på ein slik måte at reingjering, desinfeksjon/sterilisering og oppbevaring av utstyr kan skje på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å førebygge overføring av smittsame sjukdommar.
For meir informasjon sjå Miljøretta helsevern sine sider under regelverk.