Hjelpa vert gjeven til personar som er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål.
Dei praktiske oppgåvene kan vere:
- bistand og hjelp til å bryte isolasjon, bygge nettverk og tilrettelegge for deltaking i aktivitetar
Opplæring, bistand og/eller hjelp til:
- reingjering av dei romma kor søkar oppheld seg til dagleg
- vask av privat tøy
- tilfredsstillande ernæring
Personleg hjelp kan vere opplæring, bistand og hjelp ved:
- daglege gjeremål, personleg hygiene, påkledning
- ernæring
- kan òg innebere helsetenester
Vilkår
- Søkar må ha eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, -svikt eller andre årsaker
- Nødvendig utstyr må vere tilgjengeleg
Søknad
Eigensøknad.
Unntak: Dersom søkar har demens/kognitiv svikt, dokumentert manglande samtykkekompetanse, andre forvirringstilstander eller er psykisk utviklingshemma, kan den som er oppnemnt som næraste pårørande skrive under på søknaden. Dette unntaket gjeld dersom det ikkje er oppnemnt verje, evt. hjelpeverje med mandat til dette føremål eller i sin alminnelegheit.