Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Matombringing

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten tilkøyrd. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka.

Vilkår

  1. Søkar er mottakar av andre kommunale tenester.
  2. Det skal vurderast om tenesta er ressurssparande i forhold til annan teneste.
  3. Andre praktiske løysingar er vurdert.
  4. Søkar må vere busett i Klepp kommune.

I tillegg til at søkar må vere busett i Klepp kommune og motta andre tenester, må minst eitt av dei andre vilkåra vere oppfylt.

Søknad

Søknadsskjema

Unntak: Dersom søkar har aldersdemens/kognitiv svikt, dokumentert manglende samtykkekompetanse, andre forvirringstilstandar, eller er psykisk utviklingshemma, kan den som er oppnemnt som næraste pårørande skrive under på søknaden. Dette unntaket gjeld dersom det ikkje er oppnemnt verje, evt. hjelpeverje med mandat til dette føremål eller i sin alminnelegheit.