Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Kvardagsrehabilitering

Du kan få kvardagsrehabilitering dersom du har opplevd ei endring i ditt funksjonsnivå den siste tida. Tenesta er ein del av kommunen sitt rehabiliteringstilbod og gis av eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og heimetrenarar.

Kva er kvardagsrehabilitering?

  • Ei førebyggande og rehabiliterande teneste som tek utgangspunkt i det du synest er viktige aktivitetar i kvardagen din.
  • Tenesta vert  utforma i samarbeid med deg og skal bidra til at du blir trygg i og sjølvhjelpt i daglege gjeremål og aktivitetar.
  • Trening og oppfølging skjer heime og i området der du bur, i samarbeid med fagfolk.
  • Tenesta gis i ein tidsavgrensa periode.

Korleis søke?

Du kan også søke ved å ringe kvardagsrehabilitering, eller du får fastlegen din eller andre tenesteinstansar til å søke for deg.

Søknadsskjema

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800