Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Koordinerande eining

Er du eller ein av dine nærmaste i ein situasjon der du har behov for langvarige og koordinerte tenester kan du ha rett til å få utarbeidd ein individuell plan.

Koordinerande eining:

  • skal ha oversikt over tenester som eksisterer i Klepp kommune
  • formidle kontakt med dei som er aktuelle for deg
  • er ein stad å vende seg til for deg som mottar tenester, tenesteytarar og samarbeidspartnarar
  • sikre at dei ulike tenestane du får fungerer saman
  • at du får vera med å bestemma kva som er det beste for deg

 Dette kan vera aktuelt for personar:

  • som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungera i dagleglivet
  • som treng hjelp frå fleire tenesteområde for å kunne fungera optimalt
  • som har gradvis fall i funksjonsevne over lengre tid
  • med medfødt funksjonssvikt
  • med fysiske, psykiske eller sosiale vanskar
  • som treng hjelp til å planlegga/meistra nye situasjonar i livet

Koordinator og individuell plan

Du må senda inn søknadsskjema til koordinerande eining dersom du har behov for dette.

Vil du ha meir informasjon, ta kontakt med Koordinerande eining.