Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kommunal bustad

Kva er ein kommunal bustad?

Kommunal bustad er for personar som er vanskelegstilte i bustadmarknaden pga. helsemessige, sosiale, eller økonomiske forhold.

Kommunale bustader vert utleigt til marknadspris. Leigetida er tidsbegrensa.

Vilkår for å leige kommunal bustad

  • Søkar må ha fylt 18 år
  • Søkar må ha lovleg opphald i Noreg
  • Søkar må ha vore folkeregistrert i Klepp kommune dei siste 2 år.
  • Søkar må vere utan bustad eller ha behov for annan bustad av økonomiske, sosiale eller helsemessige årsaker
  • Søkar greier ikkje, aleine eller med bistand, å skaffe eigen bustad i den ordinære bustadmarknaden.
  • Det kan gis dispensasjon frå kravet om 2 års butid dersom søkar har sterk tilknytning til Klepp kommune, og har behov for tenester knytta til bustaden

Korleis søke?

Send søknad til Klepp kommune. Postboks 25, 4358 Kleppe, merkes Kleppetunet 3 etg. eller lever søknad der.

Søknad om kommunal bustad

Søknaden vil bli undergitt ei fagleg vurdering i henhold til kriteriene for tildeling av kommunal bustad. Behandlingstida for søknad om kommunal bustad er 3 månader.

Dersom du har akutt behov for bustad og ikkje kan skaffe deg tak over hovudet på eigahand, plikter kommunen å finne eit midlertidig tilbod til deg. Du må da ta kontakt med NAV Klepp.

Ved behov for forlenging/bytte av kommunal bustad gjeld følgande kriterier:

  • Bustaden er ueigna på grunn av helsemessige årsaker
  • Ved forandring i størrelse på husstanden
  • Andre tungtvegande sosiale forhold

Uoppgjort gjeld som følge av tidlegare leigeforhold knytta til kommunal bustad, kan gi grunnlag for avslag på søknad. Det kan eventuelt stillast krav om nedbetalingsavtale for skuldig husleige, misleghaldte kommunale lån eller skadeserstatning før søknaden vert handsama.

Korleis forlenge leigekontrakten?

Innan og i god tid før kontrakten din går ut, må du søke om ny kontraktstid med kommunen. Du søker på samme måte som fyrste gong.

Dersom du får søknaden innvilga, vil du enten få tilbod om ein ny leigeperiode i noverande bustad eller tilbod om annan kommunal bustad.

Kleppetunet

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Telefon: 51429800

Kleppetunet

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Telefon: 51429800