Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Jæren øyeblikkeleg hjelp

Jæren øyeblikkeleg hjelp

Dette er eit døgntilbod på Jæren som er lokalisert til Kleppheimen, og er eit samarbeid mellom kommunane Klepp, Gjesdal, Sandnes og Time. Øyeblikkeleg hjelp-avdelinga har 12 sengeplassar som skal være tilgjengelege for innbyggarane i kommunane døgnet rundt.

Målgruppa

er pasientar med kjent sjukdom som ved forverring kan få behandling som er avtalt på førehand, og kor almenntilstanden tilseier at eit slikt tilbod kan vere like godt, eller betre, enn innlegging på sjukehus.

Pasientgruppa vil vere innbyggarar i Klepp, Gjesdal, Time og Sandnes
Pasientar med akutt forverring av kjent tilstand.
(KOLS, andre kroniske sjukdommar)
Pasientar med akutt sjukdom med avklart diagnose som krev observasjon og behandling (ulike infeksjonstilstandar)
Palliativ behandling
Pasientar med behov for kort tids observasjon

For henvising

Ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Jæren Øyeblikkelig hjelp

Besøksadresse:

Prestevegen 12
4352 Kleppe

Telefon: 51429622