Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Individuell plan

Kven kan få individuell plan eller koordinator

Kommunen skal i samarbeid med brukar utarbeide individuell plan og oppnemne koordinator for den som har behov for langvarige og koordinerte tenester.

Kvifor ha individuell plan?

Gjennom ein individuell plan skal tenestene du mottar vere heilskapleg og i tråd med dine eigne målsettingar. Planen skal sørge for følgande:

  • sikre at brukaren sine eigne mål vert ivaretatt
  • koordinator har hovudansvaret for å følge opp planen din saman med deg
  • sikre at tenestene du mottar vert samordna
  • at tenesteytarane samarbeider

Individuell plan utløyser ikkje nokon rettar eller tenester i seg sjølv, men er kun ei samordning av dine eksisterande tenester og vedtak.

Korleis søke?

Det er fint om du i søknaden gjer greie for din situasjon og kva du treng hjelp til å koordinere. Send søknaden til koordinerande eining. Kleppetunet, Olav Hålandsveg 2, 4352 Kleppe Merk søknad med: søknad om individuell plan

Søknadsskjema

Kva gjer ein koordinator?

Koordinatoren vil som regel vere ein person som allereie kjenner deg. Det er koordinatoren som skal vere din kontaktperson og samarbeide med deg om innhaldet og framdrifta i planarbeidet.

Du kan òg søke om å få koordinator utan å opprette individuell plan.

Koordinerande eining skal ha eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for å oppnemne, lære opp og rettleie koordinator.

Koordinerande eining.

Samtykke

Ingen skal utarbeide ein individuell plan for deg utan at du gir samtykke til det. Koordinatoren går gjennom samtykket med deg tidleg i planarbeidet.

Kleppetunet

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Telefon: 51429800