Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Helsestasjon og skulehelsetenesta

Klepp helsestasjon, Kleppetunet

Besøksadresse: Olav Hålandsveg 2, 4352 Kleppe 2. etg.

Telefon: 51 42 99 60 mellom kl.08.00-11.30, Torsdag mellom kl.10.00-11.30

Mail: helsestasjonen@klepp.kommune.no

 

Filial: Orstad helsestasjon  - Lagt ned frå 31.12.16.

Reisevaksineringa held fram ved Orstad legesenter.

Besøksadresse: Orstadvegen 191, 4353 Klepp Stasjon

Telefon: 51 78 98 65 alle dagar bortsett frå torsdag mellom kl.11.30-12.00

Helsestasjonstenesta sitt formål

  • å fremje fysisk og psykisk helse
  • å fremje gode sosiale og miljømessige forhold
  • å førebygge sjukdom og skade

Fagpersonar du møter

  • helsesøster 
  • lege
  • fysioterapeut
  • jordmor
  • psykolog
  • pedagogar
  • sekretær

Helsestasjon for barn

Helsestasjonen gjev eit helsetilbod til alle barn i alderen 0-6 år og familiane deira. Helsestasjonen ønsker å støtte foreldre i foreldrerolla.

Tilbodet består av sped-og småbarnskonsultasjonar med fokus på helseopplysning, oppfølging av vekst og utvikling, vaksinasjon, foreldrerådgjeving. Elles utvida oppfølging og samarbeid med andre faggrupper ved behov.

Når barnet er født sender fødeavdelinga ei melding til helsestasjonen. Helsesøster tek deretter kontakt med familien. Du kan sjølv ta kontakt med helsestasjonen når du kjem heim frå sjukehuset for vektkontroll av den nyfødte og ved behov for råd og rettleiing.

Helsestasjonen for barn sitt tilbod:

  • helseundersøking
  • barnevaksinasjon
  • jordmorteneste
  • psykologteneste
  • foreldre-/familierettleiing og rådgjeving
  • ulike gruppetilbod

Tider for veging utanom timeavtale, med helsesøster til stades

Klepp helsestasjon: Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl.12.00-13.00

Skulehelsetenesta

Er eit gratis helsetilbod til alle barn i skulealder og familiane deira. I skulehelsetenesta er helsesøster til stades på skulane med faste trefftider. Sjå den enkelte skulen sine nettsider. Me samarbeider med andre faggrupper rundt enkeltelevar og deltek i skulen sine ressursgrupper.

Skulehelsetenesta sitt tilbod:

  • vaksinasjon
  • individuelle samtalar og gruppetilbod
  • foreldrerettleiing
  • helseopplysning
  • tilbyr utvida oppfølging når det er behov for det

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er stengt i juli.

Kommunen har eige helsestasjonstilbod til ungdom

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 og seinare.

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

 Du kan få hpv-vaksine på Klepp helsestasjon ved å bestille time på tlf. 51429960 mellom 08 - 11.30 eller møt opp på Helsestasjon for ungdom tysdag 14.30 -16.30 på følgande dager:

22.august, 26.sept, 31. oktober, og 5.desember

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine på Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Helsetilbod i vidaregåande skule

Tilbod ved Øksnevad vidaregåande skule

Jordmortenesta

Er du gravid kan du få tilbod hos jordmor på helsestasjonen. Svangerskapsomsorga er ein del av kommunen sitt førebyggande helsearbeid og skal bidra til å gi deg god helse under svangerskapet. Du kan òg få råd knytta til samliv og foreldrerolla. Når du er gravid kan du ta kontakt med helsestasjonen viss du ønsker oppfølging hos jordmor. Tenesta er gratis.

Jordmortenesta sitt tilbod:

  • oppfølging etter fast program og induviduelle behov
  • oppfølging av rusmiddelavhengige
  • samtale om livsstil
  • samtale etter fødsel
  • ammerettleiing
  • prevensjonsrettleiing
  • barselgruppe
  • ev. heimebesøk etter fødsel
  • samarbeid med andre faggrupper ved behov

Psykologtenesta

Psykologtenesta sitt tilbod til brukarar av helsestasjonen er eit lågterskeltilbod. Det betyr kortvarige intervensjonar for milde og moderate psykiske lidingar. Du finn oss i 1. etg på Kleppetunet.

Me kan tilby:

  • Korttidsbehandling for barn. Foreldresamtalar er en del av dette tilbodet.
  • I samarbeid med HFU gjev psykologen eit korttidstilbod til ungdom med psykiske vanskar.
  • Eit samtaletilbod for gravide og spedbarnsforeldre som opplever psykiske vanskar i forbindelse med svangerskap, fødsel og spedbarnstida.
  • Tilbod om enkel utgreiing og kartlegging av psykiske vanskar i samarbeid med familieeininga, jordmor, flyktningehelsetenesta, helsesøster og helsestasjonslege. Når det er aktuelt kan me etter eiga vurdering visa vidare til spesialisthelsetenesta.

Ta kontakt med skulehelsetenesta eller helsestasjonen (51429960, før 11.30) for å drøfte problemstillinga di, så vurderer me i lag kva me best kan bidra med.

Viss du treng å drøfte ein spesifikk problemstilling med psykolog kan du nytta deg av open telefontid hos kommunepsykologen, tirsdagar mellom kl.11.00-13.00 (51429923).

Familieeininga

Kleppetunet 1 etg.

Er eit lavterskeltilbod med fokus på å gi ekstra støtte, oppfølging og hjelp til refleksjon over utfordringar de opplever i familien med utgangspunkt i at kvar enkelt er ekspert i eige liv. Her treff du førskulelærarar med familie-/foreldrerettleiingskompetanse, helsesøster, foreldrerådgjevarar og psykologar.

Familieeininga sitt tilbod:

Viss de som foreldre eller familie har behov for hjelp frå familieeininga så ta kontakt med helsestasjonen for å få fylt ut eit tilvisingsskjema. Helsesøster bidreg med informasjon og hjelp til tilvising.

Flyktninghelseteneste

Kommunen sitt helsetilbod skal sørge for at asylsøkarar og flyktningar får tilbod om nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp. Her treff du fagpersonar som helsesøster, lege og ev. psykolog.

Flyktninghelsetenesta sitt tilbod:

  • tuberkuloseundersøking etter behov 
  • vaksinasjon etter behov
  • helseundersøking
  • rettleiing til alle foreldre
  • tilvise vidare til psykolog og/eller spesialisthelsetenesta, ved behov

Helsestasjonen tar kontakt med nykomne flyktningar og asylsøkjarar for vidare avtale.

Tuberkuloseundersøking

Personar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose vert rekna som smitteutsette. Norsk lov seier at alle som kan ha vore smitta av tuberkulose har plikt til å la seg undersøke.

Kommunen skal sørge for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd til aktuell målgruppe.

Dei som søker arbeids-/opphaldstillating blir innkalt til samtale hjå helsesøster på helsestasjonen og vist vidare til røntgen og blodprøvar etter gjeldande retningslinjer. 

Smittevern

Reisevaksinar

Kurs, rettleiing og samtalegrupper

Pris

Helsestasjon og skulehelsetenesta er gratis.

Helsestasjon

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Besøksadresse:

Orstadvegen 191
4353 Klepp Stasjon
Kleppetunet

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Telefon: 51429800