Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Heimehjelp

Heimehjelp - praktisk bistand 

Du kan søke om heimehjelp når du bur heime eller oppheld deg i Klepp kommune og du er heilt avhengig av hjelp til praktiske gjeremål som for eksempel

  • reingjering
  • sengetøyskift
  • klesvask

Heimetenesta handler normalt ikkje inn matvarer, men du kan få hjelp til å bestille matvarer og få køyrt desse heim. Du betaler sjølv for varetransporten.

Du skal normalt sjølv ordne bank- og posttenester og skaffe andre nødvendige varer, som for eksempel klede.

Ved akutt sjukdom hos omsorgsperson, kan ein søke om hjelp til barn i inntil ein månad.

Prisar

Eigenbetalingssatsar for omsorgstenester 

Satsene gjeld frå 01.01.2015

Søknadsskjema

Korleis vert inntekta utrekna?

G refererer til folketrygda sitt grunnbeløp. Beløpet blir justert kvart år.

Inntekta som vert lagt til grunn er husstanden si skattbare alminnelege inntekt før særfrådrag ved siste tilgjengelege likning pr. 1. januar. Gi beskjed viss inntekta er vesentleg endra etter siste likning.

Har ein i husstanden fått tildelt hjelpestønad frå folketrygda til hjelp i huset, blir denne lagt til inntektsgrunnlaget.

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800