Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Fysioterapi og ergoterapi

Kontakt

Besøksadresse: Olav Hålandsveg 8, 4352 Kleppe
Kontakttelefon: 51 78 45 20
Mail: postmottak@klepp.kommune.no

Søknadsskjema til Fysio- og ergoterapi

Fysioterapi til vaksne

Du kan motta denne tenesta dersom du er over 18 år, og har problem etter sjukdom eller skade.

Fysioterapi kan bli gitt både for å førebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling åleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod. Det er også eit tilbod i sjukeheimane.

Aktuelle fysioterapitenester i kommunen er:

  • Undersøking og kartlegging
  • Rehabilitering etter sjukdom/skade
  • Habilitering
  • Trening i grupper 
  • Rettleiing/behandling i heim og institusjon
  • Informasjon, rettleiing og undervisning
  • Førebyggande/helsefremjande aktivitetar

Fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot

Jæren SportMed tlf: 51 42 10 14

Klepp fysioterapi tlf: 51 32 03 77

Øksnevad fysioterapi tlf: 90 93 77 71 / 95 22 75 85

Ergoterapi til vaksne

Du kan få ergoterapitenester dersom du har nedsett fysisk funksjonsevne og utfordringar med å meistre dine daglege gjeremål. Det krevst ikkje tilvising frå lege. Tenesta inngår som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, både i sjukeheim og i privat heim.

Ergoterapeuten sine oppgåver

  • Kartlegging av funksjonsnivå.
  • Tilrettelegge fysiske omgjevnader.
  • Tilrettelegge med teknisk hjelpemidler for å meistre daglege aktivitetar.
  • Funksjonstrening.
  • Tilpasning av aktivitar og rettleiing i daglege gjeremål.
  • Vurdering og tilrettelegging ved nedsett syn og hørsel (link til syns-og hørselskontakt
  • hjelpemiddel

Syns- og hørselskontakt

Synskontakt

Du kan få hjelp og rettleiing av synskontakt dersom du har nedsett syn, og derav utfordringar med å meistre dine daglege gjeremål. Det krevst legeerklæring frå augelege for å kunne søkje om tekniske hjelpemidler.

Hørselskontakt

Du kan få hjelp og retleiing av hørselskontakt dersom du har nedsett hørsel, og derav utfordningar med å meiste dine daglige gjeremål.

Hjelpemidler

Klepp kommune kan tilby enkle hjelpemiddel frå kommunalt lager til utlån ved kortvarig behov. Ta kontakt med ergoterapiteneste for meir informasjon.

Relaterte tilbod

Terapibasseng

Kvardagsrehabilitering

Fysioterapi/ergoterapi for barn og unge

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800