Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Fysioterapi og ergoterapi for barn og unge

Kontakt

Besøksadresse: Olav Hålandsveg 8, 4352 Kleppe
Kontakttelefon: 51 78 45 20
Mail: postmottak@klepp.kommune.no

Fysioterapi for barn og unge

Tenesta er for barn og unge i aldersgruppa 0-16 år. 

Barn under 12 år er friteke for å betala eigenandel.

Fysioterapitenesta består av fysioterapeutar med spesialkompetanse i forhold til barn.

Vi kan tilby

  • undersøking, vurdering og behandling ved utryggleik rundt barnet si bevegelsesutvikling
  • rettleiing og trening for barn med nedsett funksjonsevne
  • rettleiing og rådgjeving til foreldre, barnehagar og skular når det gjeld fysisk aktivitet og stimulering av barn si bevegelsesutvikling
  • treningstilbod for barn og unge med overvektsproblematikk.

Du får tenestene våre der det er mest føremålstenleg - enten i våre behandlingslokale, i barnehagar, på skular eller i heimen.

Du treng ikkje rekvisisjon frå lege for å kontakte oss.

Aktuelle fysioterapitenester i kommunen er:

  • Undersøking og kartlegging
  • Rehabilitering etter sykdom/skade
  • Habilitering
  • Trening i grupper for barn  (og i basseng)
  • Rettleiing/behandling i skule og barnehage
  • Informasjon, rettleiing og undervisning
  • Førebyggende/helsefremmende aktivitetar

Ergoterapi til barn og unge

Tenesta er gratis for alle.

Du kan få ergoterapiteneste til barnet ditt dersom det har nedsatt funksjonsevne og utfordringer med å meistre de daglege gjeremål. Det krevst ikkje tilvisning frå lege.

Ergoterapeutens oppgåver

Kartlegging av funksjonsnivå

  • Tilrettelegging slik at barnet kan være aktiv hjemme i nærmiljøet, i barnehage og skule. Dette kan vere tilrettelegging av miljøet eller ved kompenserende tiltak t.ek hjelpemiddel.
  • Bistand vedrørende bustadtilpasning, både privat og i offentlege bygg.
  • Rettleiing av barnet eller ungdommen, foreldre, barnehagar og skuler.
  • Du får tenestene våre der det er mest føremålstenleg - enten i barnehagar, på skular eller i heimen.

Søk om fysio/ergoterapi.

Hjelpemidler

Klepp kommune kan tilby enkle hjelpemidler frå kommunalt lager til utlån ved kortvarig behov. Ta kontakt med ergoterapiteneste for meir informasjon.

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800