Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Frisklivssentralen

Logo friskliv

Frisklivssentralen er eit kompetansesenter for endring av levevanar. Vi gir rettleiing og støtter deg som ønsker å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk. Du kan få oppfølging både individuelt og i gruppe.

Frisklivssentralen er ei offentleg helseteneste for vaksne over 18 år, tilbodet gjeld hovedsakleg for dei mellom 18-67 år. 

Du kan sjølv ta kontakt per telefon eller epost, bli henvist av lege, anna helsepersonell eller NAV. Etter at du har tatt kontakt sjølv eller blitt henvist, vert du innkalla til ein helsesamtale.

Hva er en frisklivssentral, se video.

Kontakt

For meir informasjon kontakt oss på telefon 51 78 45 22 / 47 47 46 95 eller e-post: friskliv@klepp.kommune.no 

Vi held til på Sirkelen, Olav Hålandsveg 8, 1. etg.

Frisklivssentralen i Klepp samarbeider tett med Frisklivssentralane i Gjesdal, Time og Hå kommune. Den individuelle oppfølginga får du i din heimkommune. Gruppetilboda kan du bruke i alle fire kommunane.

Brosjyre  Søknad-/henvendelsesskjema

Følg oss på facebook

Vårt motto

Små steg- stor endring. Vi har fokus på at små kloke val på sikt gir endring og ikkje minst helsegevinst hos deg som deltakar. Vi tilbyr hjelp og rettleiing slik at du sjølv finn ut kva som er viktig for deg og realistisk å få til i eigen kvardag.  Vi ønsker å støtte og motivere deg  til å finne ut kva som kan fungere for deg for å få ei betre helse. Vi har fagkunnskap om fysisk aktivitet, kosthald, røykeslutt, samt endringsprosessar. Du er ekspert på deg og veit sjølv best kor skoen trykker. Saman jobber vi med å finne gode løysingar for å oppnå varig endring. 

Helsesamtale

Under helsesamtalen kartlegg vi dine ønsker, mål og forutsetningar for endring av levevanar. Saman med frisklivsrettleiar legg du ein plan for dei neste 12 vekene. Etter 12 veker, eller undervegs ved behov, vert det gjennomført ny samtale der du og frisklivsrettleiaren oppsummerer korleis det har gått. Helsesamtalen er gratis.

Du kan ved behov fortsette tilbodet i Frisklivssentralen, eller rettleiast vidare til eigenmestring og eigen-aktivitet.

Tilbod i Frisklivssentralen

  • Helsesamtale
  • Frisklivstrening
  • Kosthaldsrettleiing og 'Bra mat'-kurs
  • Røykesluttrettleiing
  • Livsstyrketreningskurs eller individuell rettleiing i forhold til Livsmestring.
  • KIB - Kurs i mestring av belastning
  • KID - Kurs i depresjonsmestring
  • Kurs i Livsstyrketrening
  • Medisink yoga
  • Søvnkurs

Frisklivstrening 

Frisklivstrening er eit gruppetilbod som føregår ute i naturen, eller f.eks på Arena treningssenter, treningssal  eller i basseng.

Tilbodet er til deg som treng ekstra støtte og rettleiing for å komme i gang med fysisk aktivitet. Treninga er gruppebasert og vert leia av personell frå Frisklivssentralen. Tilbodet er basert på anbefalte treningsmetodar frå Helsedirektoratet. Hovudfokus skal vere bevegelsesglede, med element både innafor styrke og kondisjon. Etter deltaking på Frisklivssentralen er målet at du vil forbli fysisk aktiv i din kvardag og få betre helse både på kort og lang sikt. 

Helsegevinstar

Regelmessig fysisk aktivitet gir store helsegevinstar, og effekten er godt dokumentert. Fysisk aktivitet reduserer blant anna risikoen for å utvikle høgt blodtrykk, diabetes type 2, blodpropp, fedme og fremmer god psykisk helse. Personar som er fysisk aktive rapporterer betre humør, meir overskot og økt livskvalitet samanlikna med personar som er lite aktive. Effekten av å auke fysisk aktivitetsnivå avheng av utgangspunktet. Jo lågare aktivitetsnivå ein person har i utgangspunktet, jo større effekt kan ventast dersom aktivitetsnivået vert auka.

Timeplan våren 2017

Helsedirektoratet rår til at alle vaksne bør vere moderat fysisk aktive i til saman minimum 30 minutter kvar dag eller i gjennomsnitt 3,5 timar i løpet av ei veke.

Kosthaldsrettleiing

Frisklivssentralen i Klepp tilbyr induviduell rettleiing og/eller kosthaldskurs for dei som ynskjer å gjera endringar i kosthaldet.

Individuell kosthaldsrettleiing: er ein samtale om kostholdet ditt. Vi kartlegg kosthald og kosthaldsvanane og ser saman på problemstillingar og moglegheitene for realistiske endringar.        

Kosthaldsrettleiing i gruppe: 'Bra mat'-kurs: dette er eit inspirasjonskurs for varig endring av matvanar og matvareval. Kurset følger Helsedirektoratet sine tilrådingar for ernæring. Kosthaldskurset skal bidra til å auke kunnskap om matvanar og matvareval, og auke motivasjonen til å endre vanar. Du får praktiske råd i kvardagen, auka forståing av varedeklarasjonar og moglegheit for å utveksle erfaringar med andre.

Kostholdskurs - Bra mat. Oppstart 06.02.17, Sirkelen Klepp

Kostholdskurs - Bra mat. Oppstart 08.02.17, Hå helsesenter

Røykesluttrettleiing

Frisklivssentralen i Klepp tilbyr individuell rettleiing og/eller røykesluttkurs for deg som ønsker å slutte å røyke eller snuse.

Individuell røykesluttrettleiing: samtalar omkring røykevanane dine og korleis du kan få hjelp til å slutte. Vi ønsker å motiver og støtte deg undervegs.

Røykesluttrettleiing i gruppe: Vi tilbyr røykesluttkurs "Røykfrie saman". Deltakarane møtest ein gang i veka i løpet av 8 veker. I dei tre første møtene førebur du som kursdeltakar deg på å slutte å røyke, og i dei neste møtene jobbar du med å oppretthalde røykfridom og motivasjon. Kursopplegget kan også nyttast for deg som vil slutte med snus.

Slutte-verktøy

Det finst fleire gode verktøy for røykeslutt på nett og som app, og desse kan brukast åleine eller som supplement til kurset «Røykfrie saman».

Røykesluttkurs våren 2017

www.slutta.no 

Livsstyrketreningskurs                     

Livsstyrketrening (LST) er øving i å være fullt og heilt til stades i eige liv, og er eit helsefremjande lærings- og meistringsprogram for auka sjølvforståing.

Mål: Betre helse, auka livsmot og meistring.

Korleis:

  • Gjennom ulike læremetodar jobber vi med bevisstgjering av:
  • Tankar, følelsar og kropp
  • Vanar og mønstre i kvardagen
  • Dine ressursar og moglegheiter

Kurset omhandler ulike livstema som:

  • Kven er eg?
  • Kva treng eg (om å setje eigne grenser)?
  • Glede, dårleg samvit, sinne
  • Kva er mine sterke og svake sider?
  • Verdiar - kva er viktig for meg?
  • Ressursar, moglegheiter, val

På denne måten kan du:

  • Bearbeide tankar og følelsar.
  • Minke den tunge delen av "livsbagasjen".
  • Frigjere ny energi.
  • Mogleggjere nye val av handlingar.
  • Oppdage meir av deg sjølv.
  • Verkeleggjere meir av dine ressursar og moglegheiter.

Du vil også lære ulike oppmerksomhets- og avspenningsøvingar.

Treningsperspektivet blir ivareteke ved heimeoppgåver knytta til tema vi har arbeidd med.

Kurs i livsstyrketrening i grupper på 10-12 personar som møtest ca. annakvar veke, 10 gonger a 4 timar med to kursholdere. Informasjonsmøte blir satt opp i forkant av hvert kurs. 

Individuellrettleiinga: tema og hyppighet tar utgangspunkt i ditt behov.

For meir info:  Forum for livsstyrketrening

Nytt kurs i Livsstyrketrening våren 2017, oppstart 21.02.17

Kurs i Mestring av Belastning (KiB)        

Kurs i Mestring av Belastning – KiB er utarbeidd for deg som ønsker å betre evna til å meistre belastningar i eige arbeids- og privatliv. Dette er for deg som har ei form for belastning som medfører at du ønsker og vil ha nytte av å utvikle di meistringsevne.

Kva går kurset ut på?

Dette kurset er basert på forståinga av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. Det vert jobba med å kartlegge eigne belastninger, og eigen meistrings- og tankestil. På kurset vert nytta kognitiv teori og metodar, og øvingar er ein viktig del av kurset.

Målet med kurset

Å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastning knytta til arbeids- og privatliv. Med meistring meiner ein det du gjer for å handtere belastninga. Målet er at du som deltakar skal kartlegge eigne belastningar og eigen meistring av desse, for å vidareutvikle eigne meistringsferdigheter.

Kontaktpersoner: Nils Reiten og Katalin Krauser tlf: 51429976/57

Kurs i Depresjonsmestring (KiD) 

Kurs i Depresjonsmestring, er utarbeidet for voksne som i perioder kjenner seg nedstemte eller er deprimerte på en slik måte at det går ut over livskvaliteten , fra lett til moderat depresjon. 

Hva går kurset ut på?

Dette er et kurs som er bygd på kognitiv, sosial læringsteori. Kursdeltakerne undervises i å bli oppmerksom på tankene sine og å se sammenhengen mellom tanker og følelser. Du lærer å vurdere og å endre dine negative tolkninger av det som skjer, samt å kjenne igjen og forandre negativt mønster på tanker og handlinger. Det er en kjent metode som er egnet til å gi god hjelp.

Kursdeltakerne får opplæring i hva de selv kan gjøre for å endre mønsteret på tanker og handlinger som holder ved like og forsterker nedstemthet/depresjon. Kursdeltakerne arbeider med sine egne utfordringer hjemme, ved hjelp av metoder og teknikker som de lærer på kurset. Hjemmearbeidet er en svært viktig del av kurset. 

Målet med kurset

Redusere graden av nedstemthet/depresjon og varigheten av depresjon. Redusere de negative følgene av depresjon og forebygge nye episoder med depresjon.

Nytt KID-kurs våren 2017 Kontaktpersoner: Nils Reiten og Katalin Krauser tlf: 51429976/57

Andre mestringskurs

"Sjef over smertene" for deg som har kroniske smerter - våren 2017

Medisinsk yoga

Gjennom enkle øvelser og pusteteknikker får vi en god energiflyt i kroppen både fysisk og psykisk. Yogaformen utføres mykt, rolig og bevisst. Målet er å redusere effektene av stress i kroppen. Øvelsene er tilpasset slik at du blir utfordret uansett hvordan din helse er i dag. 

Nytt kurs med oppstart 26.01.17

Friluftsliv for alle 2016

Mange gode turtips i nære strok, med og utan turleiar.

Åpne forelesningar

Jæren dps - psykisk helse, våren 2017

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev våren 2017

Nyhetsbrev August 2016

Nyhetsbrev Våren 2016

Nyhetsbrev Oktober 2015

Nyhetsbrev Juni 2015

Nyhetsbrev April 2015

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800