Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Når det hastar for barn og ungdom

Mange barn og ungdom treng til ulike tider og av ulike årsaker ekstra hjelp eller oppfølging. Nokre gonger trengs hjelpa meir akutt enn andre gonger, sjølv om det kan hasta elles og. Her finn du ei oversikt over viktige telefonnummer for ulike situasjonar.

Treng du medisinsk hjelp til å vurdera spørsmål om helse skal du kontakta fastlegen din i opningstida til legekontoret. Du kan ringa legevakt 116 117 når fastlegen din ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ring 113 om det er særs akutt og står om liv. Giftinformasjonen har telefonnummer 22 59 13 00.

Gjeld situasjonen psykisk helse kan du og kontakta fastlege eller legevakt, men du kan og ringa akutteamet ved Jæren Distriktspsykiatriske Senter på vakttelefon 474 597 97. Dei har eit bredt samansett team, er tilgjengelege for samtaler der det måtte passe for deg mellom kl. 08 og 21. Tilbodet er frå 13 år og opp, og for innbyggarar i Klepp, Time, Gjesdal og Hå kommune.

Alarmtelefonen for barn og unge har telefonnummer 116 111. Om du eller nokon du kjenner treng øyeblikkelig hjelp til ein vanskelig situasjon, så skal du ikkje nøla med å ringa for hjelp og råd. Du kan og sende SMS til nr 41 71 61 11. Det er åpent på alarmtelefonen frå kl 15 til kl 08 neste dag, og heile tida i helger og fridager. Hugs at du kan vere anonym når du ringer, om du ynskjer det.

Andre viktige telefonnummerer.