Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Me foreldre treng råd

Foreldre, barn og ungdom treng til ulike tider og av ulike årsaker ekstra hjelp eller oppfølging. Kommunen skal søka å finna fleksible løysingar for sine innbyggarar, og har  dyktige fagfolk med kunnskap innan mange felt.

Tidleg og rett hjelp gjer best resultat. Foreldre vert oppmoda til å ta kontakt om dei er uroa eller har spørsmål knytt til barnet eller ungdommen si utvikling, eller treng å snakka med nokon om familien sin situasjon.

Sjå i menyen til venstre for å sjå om du kjenner att problemstillinga di. Finn du ikkje svar på det du lurer på her på nettsidene våre, ring 51429800 og nemn kort kva det er du leiter etter, så skal me hjelpa deg vidare.

Alle barn og unge har rett til eit likeverdig tilbod, uavhengig av den enkelte sine ressursar. Kommunen har ansvar for å leggja til rette for gode og trygge oppvekstmiljø, setja i gang førebyggande tiltak, og bistå foreldre i arbeidet med å ivareta barn og unge si helse.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Barnet i magen

Gravide har ofte mange bekymringar knytt til svangerskap og fødsel. Dette er vanleg. Bekymringane kan vere små eller store, men gravide søkjer ofte informasjon på nett, i staden ­­­­for å kontakta jordmor eller andre fagpersonar. Dette kan føra til ytterlegare bekymringar. I Klepp har me jordmorteneste, den kan du lese meir om her.

Gravide vel sjølv korleis dei vil nytta det nasjonalt anbefalte tilbodet om oppfølging i svangerskapet. Frå Helsedirektoratet vert det anbefalt eit basisprogram med 8 kontrollar til og med veke 40, inkludert ein rutineultralyd i veke 17-19. Om du vil ha oppfølginga hos lege eller jordmor vel du sjølv. Kva dei enkelte svangerskapskontrollar skal innehalde kan du lese meir om her.

Med fastlegen og jordmor kan du drøfta utvikling, bekymringar, få informasjon eller drøfta vanskelege problemstillingar i forhold til kosthald og levevaner, forventningar, vanskar knytt til parforholdet, om det er tilfelle av vald i nære relasjonar, uro knytt til spontanabort, avbrote svangerskap, overtidige, og oppfølging av rusmiddelavhengige gravid eller andre tema som er viktige for deg.

Helsedirektoratet har og oppretta ei eiga nettside med kvalitetssikra informasjon om svangerskap og fødsel, den finn du her.

Barnet mitt er pårørande

Menneske vil oppleva kriser ein eller fleire gonger i livet. Det kan skje plutselig, me kan oppleva langvarige vanskar, eller me eller andre rundt oss kan bli sjuke.

Når foreldre har psykiske plager eller misbruker rusmidler er dei, som alle foreldre, urolige og bekymra for sine barn. Me vil gje ungane våre ein trygg og god oppvekst, og senda dei vidare i livet med gode forutsetninger for å klara seg godt. Foreldre kan prøva skåna og skjerma barna frå vanskelege ting, men det er viktig å gje barn som er pårørande god informasjon. Det vil trygga dei i ei vanskeleg tid. Det er viktig å gje slik informasjon utan å gje barna skyld eller ansvar for korleis dei vaksne i familien som er sjuke har det.

I Klepp kommune vil me hjelpa. Me kan ha samtalar med barna som er pårørande, me kan støtta deg som forelder i å gje informasjon til andre viktige rundt barnet (anna familie, skule eller barnehage, og eventuelt andre), og me kan gje deg som vaksen i krise informasjon eller rettleiing om korleis de kan ta vare på familien og særleg ungane i vanskelege situasjonar.

Dei som kan hjelpa i kommunen er for eksempel helsestasjonen, fastlegen, avdeling for psykisk helse og rus og barnevernstenesta. Klikk deg inn på lenkene, så finn du kontaktinformasjon.

I tillegg har me møter i skular og barnehagar der tilsette i kommunen kan drøfta utfordringar i lag med foreldre. Desse vert kalla ressursgruppemøter, og her treff de som foreldre folk frå skulen eller barnehagen, helsesyster, ressurspersonar frå PPT og barnevernet, og skulelegen eller eigen fastlege. Andre frå hjelpeapparatet kan og delta om de ynskjer det. Snakk med skulen eller barnehagen, så organiserer dei eit slikt møte.

Om du for tida er i behandling for ei psykisk liding eller rusmisbruk så kan behandlar eller saksbehandlar ved institusjonen der du nå får behandling hjelpa deg å ta kontakt med kommunen sine tenester. Har du allereie hjelp frå kommunen, t.d. omsorgsteneste, miljøteneste, tilbod frå avdeling for psykisk helse og rus eller heimesjukepleie så skal tilsette der spør deg om du har barn under 18 år og om dei treng noko. Sei ifrå til dei du har kontakt med i hjelpeapparatet.

Det er viktig at barn som har foreldre med psykiske lidingar eller som misbruker rusmidler vert sett, og får ekstra oppfølging om dei treng det.

Du kan og lesa meir om dette temaet på Voksne for barn, i eit rundskriv til helsepersonell frå Helsedirektoratet, og ved Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid.

Familie og kvardag

Foreldre er ungane sine viktigaste omsorgspersonar. Foreldrerolla og familielivet kan til tider vere særs krevjande, og kan sluka alt me har av krefter i kvardagen. For mange sit det langt inne å søka hjelp eller åpna seg for nokon om korleis ein faktisk  kan ha det heime til tider. Me som arbeider i Klepp vil likevel at det skal vere enkelt og ufarleg å ta kontakt, og låg terskel for å klara gjere nettopp det. Tidleg hjelp gjer best resultat, og den skal vere tilpassa den enkelte familie sine behov.

Vil du lesa meir om gode råd i ein foreldrekvardag så er nettressursen Foreldrekvardag eit godt tips. Her finn du og lenkjer videre dersom du treng rettleiing for egen del, som; dinutvei.no, mental helse hjelpetelefonen, rustelefonen.no (tlf. 08588) og littsint.no.

Kva kan kommunen bidra med?

I Klepp har me mange ulike tilbod om foreldrerettleiing, og du kan kontakta både barnehagen, skulen, fastlegen, helsestasjonen eller barnevernstenesta for å finna eit tilbod som kan passa deg og din familie. Tilboda varierer i varighet, om dei er direkte for din familie eller i grupper, om dei har form som kurs og informasjon eller meir som «gruppearbeid», og dei varierer på innhald - nokre har mest fokus på følelser, nokre på forhold mellom familiemedlemmar og nokre på adferd.

Enkelte barnehagar, skular og helsesystre kan og gje tilbod om direkte foreldrerettleiing. Ta kontakt og snakk om kva som kan passa for deg og dine.

Det fins og ulike kurs og grupper for foreldre ved familieeininga på helsestasjonen. Informasjon om dei ulike kursa og gruppene finn du her. Direkte foreldrerettleiing hos terapeutar ved familieeininga ved helsestasjonen er og eit alternativ. Ring oss for samtale på 51429960, så finn me det tilbodet som me i lag trur passar best for deg og din familie.

Har du ungdommar er det tilbod om Circle of Security-kurs for ungdomsforeldre ved familieeininga på helsestasjonen. Eirik Raude senteret har og kurstilbod, du finn oppdatert informasjon om kurstider på heimesidene våre.

Familievernkontoret på Bryne har og ulike tilbod for foreldrerettleiing, både individuelt og i grupper (ICDP), for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne, ved adferdsvanskar og for foreldre som er fråtekne omsorgen. Informasjon om dei ulike tilboda finn du her.