Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnet mitt treng hjelp

På kommunen sin helsestasjon  kan du ta opp spørsmål om ditt barn si utvikling og behov. Det same kan du gjer hos fastlegen. Du kan spør om både fysisk og psykisk helse og utviking.

Har du barn i barnehage, ikkje nøl med å ta kontakt med dei tilsette der om du er uroleg for noko. Du kan og drøfta bekymringa direkte med PP-tenesta.

Er du bekymra for barnet ditt sine følelsar, utvikling eller adferd, eller er du er i ein vanskeleg livssituasjon så kan du og få råd og hjelp hos familieeininga på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen så hjelper me deg vidare.

Gjeld bekymringa motorisk eller fysisk utvikling kan du spør på helsestasjonen, snakka med fastlegen din eller kontakta fysio-/ergoterapitenesta.

Fastlegen kan visa til Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling ved SUS og HABU  (det som før het Østerlide) om det trengs utredning eller behandling frå spesialisthelsetenesta. Før ei slik tilvising skal aktuelle instansar i kommunen ha gjort ei kartlegging og vurdering. Det er vanleg at fastlegen koordinerer slikt arbeid, men helsestasjonen, fysio/ergo tenesta, PPT og barnevernstenesta er vanlege samarbeidspartnarar for fastlegane.

Sjå i menyen til venstre for å sjå om du kjenner att problemstillinga di. Finn du ikkje svar på det du lurer på her på nettsidene våre, ring 51429800 og nemn kort kva det er du leiter etter, så skal me hjelpa deg vidare.

 

Mitt barn slit med vanskelege kjensler

Emosjonelle eller psykiske vanskar hos barn og ungdom kan handla om mykje. Det kan vere forbigåande, dei kan kome av ein tydeleg grunn, eller dei kan vere diffusere og vanskelege å sjå og forstå. Eksempelvis kan barn og unge slite med blant anna komplisert sorg, senka stemningsleie, angst, uro, konsentrasjonsvanskar, utagerande eller innovervendt sinne, sjølvskading, rusproblem, søvnvanskar, reaksjonar på vanskelege hendingar, sjølvskading, vanskar i forhold til kropp og mat og identitetsutfordringar og mykje anna. De som foreldre kan alltid ta opp dykkar bekymringar rundt eit barn sine vanskelge kjensler med barnehagen, skulen, fastlegen eller helsesøster.

De kan og kontakta familieeininga  ved helsestasjonen for råd, rettleiing eller samtaletilbod. Familieeininga er eit fleirfagleg samansett team, og arbeider etter prinsippa om låg terskel og kort ventetid. Det finns og psykolog  tilsett ved helsestasjonen som arbeider med korttidsbehandling for barn og unge med psykiske vanskar. Ta kontakt med helsestasjonen  for meir informasjon.

Trenger ditt barn behandling utover det kommunen kan gje, kan fastlegen senda tilvising til Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling ved SUS. Før ei slik tilvising vert gjort skal kommunen ha gjort ei kartlegging og vurdering. Akutteamet ved Jæren Distriktspsykiatriske senter er eit tilbod for vurdering og samtalar når me har det vanskeleg i livet. Teamet er fleirfagleg samansett, og dei er tilgjengelege for samtaler der det måtte passe for deg mellom kl. 08 og 21. Tilbodet er frå 13 år og opp, og for innbyggarar i Klepp, Time, Gjesdal og Hå kommune.

For ei oversikt over korleis kommunen arbeider med barn og unge si psykiske helse, sjå kommuneplanen. Vil du lesa meir om samspel mellom foreldre og barn i kvardagen så kan du sjekke ut denne nettsida frå Barne- Ungdoms- og Familiedirektoratet.

Mitt barn har endra veremåte

Når eit barn endrar oppførsel og adferd er det ofte forbigåande og ei naturleg del av utviklinga. Om barnet eller ungdommen din endrar seg på ein måte som gjer deg bekymra, kan det være ulike ting som spiller inn og det kan vere viktig å søka støtte eller hjelp til barnet eller til dykk som vaksne i foreldrerolla.

Årsaker til at barn og unge endrar adferd kan blant anna vere familien sin livssituasjon, det kan vere noko som skjer i barnehagen eller på skulen, noko som skjer på fritida eller noko som har med barnet si fysiske eller psykiske helse å gjere.

Du kan alltid ta opp dine bekymringar med helsestasjon, skulehelsetenesta, PPT, barnehage eller skule.

Er du så uroa at du kjenner slik hjelp og støtte ikkje er tilstrekkeleg kan du kontakta familieeininga ved helsestasjonen, barnevernstenesta eller fastlegen som kan hjelpa deg vidare. Fastlege og barneverntenesta kan tilvisa til BUP om det er behov for utredning eller behandling frå spesialisthelsetenesta.

Er du bekymra for gaming, overdriven bruk av sosiale media, rus eller det du trur kan vere kriminelle handlingar hos et barn eller en ungdom? Du finner meir informasjon under desse punkta i menyen til venstre.

Mobbing

Det er mobbing når nokon utset andre for negative handlingar, og det skjer gjentekne gonger over tid! Når det er systematisk mobbing vert det ein vanskeleg ubalanse i forholdet mellom barna, den eine opplever seg ofte som underlegen og slit med å forsvara seg mot angrepa, anten dei er fysiske eller gjennom ord. Mobbing kan for eksempel vere å bli dytta, ledd av, slått, pirka på, baksnakka, stengt ute, trua, eller pressa til å gjere noko ein ikkje vil.

All mobbing er forbode!

Både vaksne og barn kan vere dei som mobbar. Mobbing kan gå føre seg i barnehagen, på skulen, på nettet og i fritida. Det er dei vaksne som har ansvar for å sjå – og stoppa – dei som plager andre.

I Klepp kommune har vi nulltoleranse mot mobbing, og tilsette i kommunen arbeider blant anna etter prinsippa frå Partnarskap mot mobbing som Regjeringa lanserte i januar 2016. Om du som forelder har mistanke om, eller kjenner til, at ditt barn opplever mobbing vil vi gjerne hjelpe!

Om mobbinga skjer på ein bestemt arena, er det viktig å ta kontakt med ein ansvarleg vaksen på denne arenaen (til dømes pedagogiske leiar i barnehagen, kontaktlærar og sosiallærar på skulen, trenaren/leiar på fritidsaktiviteten, og liknande). Mobbing som har starta ein plass kan ofte spreie seg til andre område. Det er difor svært viktig at vaksne rundt barnet eller ungdommen arbeider og snakkar i lag!

Det finns mykje god informasjon på skulane sine heimesider under fana «Trygt og godt skulemiljø». Her finns informasjon både til elevane sjølv, til foreldre og til tilsette i kommunen. På dei same heimesidene fins og ein «Mobbeknapp» der ein kan melda frå direkte til rektor om mobbing.

Om ditt barn er utsett for eller driv digital mobbing så kan ein søke råd og rettleiing på nettsidene nullmobbing.nodubestemmer.no, barnevakten.no eller hos Barneombodet. Er mobbinga og krenkinga av ein så alvorleg karakter at de vurderer å melda politiet, ta kontakt med Jæren Lensmannskontor.

Har de som foreldre meldt frå til barnehage eller skule og «ingenting skjer», eller dersom de som foreldre er usamde med barnehagen eller skulen om tiltak, så kan de drøfta saka med skuleeigar (rådgjevarar på Tenesteområde barn og unge), eller ta kontakt med Fylkesmannen. 

Vanskar i barnehagen

Om ditt barn har vanskar i barnehagen skal du snakka om det med barnet sin primærkontakt eller pedagogiske leiar på avdelinga i barnehagen. Dette gjeld både ved lærevanskar eller sosiale vanskar og mobbing.

Dei vaksne på barnet si avdeling kan ta bekymringa vidare til andre ressurspersonar i barnehagen, eller barnehagen si leiing og styrar.

Alle kommunale og private barnehagar skal leggja til rette for barna si utvikling. Barnehagane i Klepp har og eit fagteam som arbeider med tilrettelegging og ekstra oppfølging i barnehagen. Tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp i barnehagen kan du lesa meir om på desse nettsidene.

Barnehagane samarbeider og med andre i kommunen, blant anna helsestasjonen, fysio- og ergoterapitenestaPPT og barnevernstenesta. Du som mor eller far kan og drøfta vanskane med desse direkte om du kjenner behov for det.

For å finna kontaktinformasjon til barnehagen, sjå den aktuelle barnehagen si heimeside.

Vanskar med skulen

Om du uroa for eller opplever at ditt barn har vanskar på skulen skal du først snakka om det med barnet sin kontaktlærar. Dette gjeld både ved lærevanskar eller sosiale vanskar og mobbing.

Kontaktlæraren kan ta bekymringa vidare til andre ressurspersonar på skulen, spesialpedagogisk team, miljøpersonale eller skulen si leiing.

Alle grunnskulane i Klepp har eit sosialpedagogisk eller spesialpedagogisk team på skulen som arbeider med og har oversikt over tilrettelegginga i den enkelte skulen for barna og ungdommane som treng det. Kommunen sine retningslinjer for spesialundervisning finn du meir informasjon om på denne nettsida.

Skulen samarbeider og med andre tenester i kommunen, blant anna helsesøster på skulen, PPT og barnevernstenesta. Du som mor eller far kan og drøfta vanskane med desse direkte om du ynskjer det.

For å kontakta lærar eller skulen, sjå den aktuelle skulen si heimeside.

Elever og/eller foreldre til elevar ved Øksnevad vidaregåande skule kan ta kontakt med skulehelsetenesta for vidaregåande skule eller PPT i Rogaland fylkeskommune (sistnevte gjeld og for elevar ved andre vidaregåande skular). Oppfølgingstenesta skal arbeida for at alle elevar med rett til opplæring, arbeid eller anna sysselsetting får det.

Fråver frå skulen

Mange barn og unge går på skulen frivillig og utan vanskar, sjølv om alle kan kjenne på ynskje om å gjera noko anna enn skulekvardagen i periodar.

Om eit barn eller ein ungdom ikkje klarer eller kan gå på skulen, eller ikkje klarer vere på skulen heile skuledagen, vert det kalla skulevegring eller problematisk skulefråvær. Då treng ofte barnet eller ungdommen og familien hjelp for å endra situasjonen.

Fagfolk frå ulike tenester i kommunen skal bidra i ei brei kartlegging av situasjonen rundt barnet, det er viktig å få fram mest mogleg nyttig og viktig informasjon så tidleg som råd.  Når ein kjenner årsakene til at barnet eller ungdommen ikkje klarer gå på skulen kan ein lettare og rettare og raskare setja inn god hjelp.

Er du uroa for om ditt barn har eit problematisk skulefråvær – ta kontakt med lærar eller annan vaksen på skulen, så lyftar dei arbeidet vidare. Kommunen har utarbeidd ein konkret handlingsplan ved skulevegring, den finn du her.

Ekstra hjelp på fritida

Tilrettelagt fritid

Alle barn og unge treng ei meiningsfull fritid, der dei kan oppleva meistring og fellesskap. Klepp kommune skal ha eit fritidstilbod til alle, uansett evner, bakgrunn og interesser.

Barn og unge som ikkje kan nytta seg av ordinære fritidstilbod kan søkje om å delta i tilrettelagte fritidsaktivitetar. Tilbodet om tilrettelagt fritid har mål om å gje den enkelte støtte og motivasjon, legge til rette for oppleving av fellesskap og tilbod ut frå den enkelte sine føresetnader.

For å få eit tilpassa tilbod, må familien senda søknad til kommunen. Søknadsskjema finn du her. Søknaden vert vurdert av kommunen, og det vert fatta eit vedtak. I vedtaket står det om barnet eller ungdommen får eit tilpassa tilbod og korleis det eventuelt vert utforma. Dersom barnet oppfyller vilkåra for å få eit tilbod, vil fritidsavdelinga kontakta familien for å finna ut interesser, behov og ynskjer hos barnet eller ungdommen, slik at me kan laga eit godt tilpassa tilbod.

Kunne du tenke deg å være fritidskontakt? Ta kontakt med oss for ein prat!

 Støttekontakt

Ein støttekontakt er ein person som hjelper andre gjennom sosiale samvær og aktivitetar. Målet med å ha ein støttekontakt er å gje motivasjon til å oppleva fleire sosiale situasjonar med ei trygg ramme, og å få ei meir meiningsfull fritid. Ein støttekontakt skal ver noko å sjå fram til, ein annan person å støtta seg på.

Ein støttekontakt kan mellom anna ta søkaren med på turar, kome på besøk, gå på uorganiserte fritidstilbod i lag med deg, ta ein tur på kafé i lag, eller følgje på ulike arrangement. Ordninga er fleksibel og skal leggast opp etter søkjar sine ynskjer og behov.

Både barn, ungdom og vaksne som bur i Klepp kommune, kan søke om støttekontakt. Du finn meir informasjon om tilbodet her, og søknadsskjema her. 

Rus

Har du oppdaga at ungdommen din i ung alder prøver ut rusmidler? Syns du som forelder at det er vanskeleg å vita kva de som foreldre kan gjera eller korleis du kan handtera dette? I slike situasjonar er det godt å ha nokon å tenkje høgt i lag med, og å kontakta nokon for råd og rettleiing. Ta kontakt tidleg før vanskane får utvikla seg.

I Klepp kommune er gode samtale- og samarbeidspartnarar når det gjeld tidleg rus blant anna fastlegen, barnevernstenesta, pluss 16-teamet hos seksjon rus og psykisk helse (for ungdommar over 16 år) og familieeininga på helsestasjonen. Kven som kan hjelpa best i dei ulike situasjonane kjem an på kor langt problematikken har fått utvikla seg og kor stort omfang rusbruken har. Kontakt oss, så finn me løysninga i lag.

Om du mistenker at ungdommen har utvikla eit misbruk av rusmidlar, er avhengig eller ruser seg på narkotiske stoff er det viktig å søka hjelp fort. Ta kontakt med barnevernstenesta! Om ungdommen din treng behandling for rusmiddelavhengighet kan fastlegen eller barnevernstenesta tilvisa til spesialistbehandling hos Ruspoliklinikk ung Sandnes. 

Kriminelle handlingar

Er du uroa for om barnet eller ungdommen din har gjort eller driv kriminelle handlingar, eller er involvert i eit miljø der du trur kriminelle handlingar skjer, skal du kontakta politiet hos Jæren Lensmannskontor på telefon 02800.

Klepp kommune har og ein SLT-koordinator som har ansvaret for kommunen sitt SLT-arbeid (SLT står for samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak). Koordinatoren kan kontaktast om du har bekymringar som foreldre for ungdom og adferd knytt til hærverk, rus og kriminalitet. Ring kommunen på 51429800 og be om å få snakka med SLT-koordinator om du ynskjer det.

Kven du kontaktar skal sjåast i samanheng med kor lenge problema har fått utvikla seg, og kor alvorlege mistankane eller handlingane er. Du kan lese meir om førebygging, kva som kan føra til kriminalitet og kva som er vanlege reaksjonar og tiltak ved kriminelle handlingar på https://www.ung.no/kriminalitet/. Råd frå Politiet når det gjeld kriminalitet hos ungdom finn du på deira nettside.

Den kriminelle lågalderen i Noreg er 15 år (straffeloven § 20 første ledd bokstav a). Barn og ungdom under 15 år som gjer kriminelle handlingar, kan ikkje straffast etter straffelova. Unge mellom 15 og 18 år som gjer alvorlege lovbrot skal straffast. Ei straffesak er når eit forhold er meldt politiet og vurderast som straffbart. Sivile saker er ikkje meldt politiet.

Som alternativ til vanleg straff og fengsel finns fleire løysningar for ungdom. Før dom kan ei sak løysast i eit forliksråd eller konfliktråd. Både straffesaker og sivile saker kan meklast i konfliktrådet. Det er partane i ei sak i forliksrådet som bestemmer innhaldet i ein eventuell avtale dei kjem fram til. Meir informasjon for konfliktrådet for Klepp finn du her.

Ein ungdom kan og dømmast eller påleggast ungdomsoppfølging for mindre alvorlege lovbrot. I Klepp vert denne ordninga fylgt opp av barnevernstenesta.

Gaming og nettspel

I dag er dataspel ein del av kvardagen til mange barn og ungdom, dei speler ulike dataspel regelmessig. Nokre få får ei ukontrollert trong til å spele, dei vert dataspelavhengige. Avhengige barn og unge har ein overdriven og tvangsprega bruk av spel som gjev vanskar i det sosiale og emosjonelle livet.

Er du uroa for ditt barn si gaming eller overdrivne dataspeling, kan eit lurt første steg vere å kontakta helsesøster eller sosiallærar på skulen for råd. Dei kan og visa vidare til andre tilbod i kommunen.  Det er viktig at du som forelder på tidlegast mogleg tidspunkt tar grep for å få til ei positiv endring.

Er avhengigheita så stor at vanskane krev behandling i spesialisthelsetenesta kan ein kontakta Ruspoliklinikk ung Sandnes, som driv eit behandlingstilbod for aldersgruppa 15-35 år. Fastlegen, barnevernstenesta eller NAV kan tilvise til slik spesialistbehandling. Er barnet under 15 år kan fastlegen vurdera tilvising til BUP etter kartlegging frå andre tenester i kommunen.

Det finns god informasjon på nett om overdriven dataspeling, og fleire sjølvhjelpsgrupper og organisasjonar for pårørande. Du finn meir informasjon på http://www.spillavhengighet.no/ og på http://www.hjelpelinjen.no/. Desse tenestene driv mellom anna hjelpetelefon (telefonnummer 800 800 40), dei tilbyr individuelle møter og nettverksmøter, med meir.

Vil du lesa endå meir om speleavhengigheit finnes ein rapport frå NOVA og andre tips til foreldre på barnevakten.no. Sidene til Korus Øst har og mykje god informasjon, der kan du mellom anna laste ned en Foreldrerettleiar. Pårørande til spillavhengige er og ein organisasjon der du kan lesa meir på nettsidene eller kontakta dei for hjelp og tilbod.

Vald og seksuelle overgrep

Ved bekymring for at barn/unge vert utsette for eller er vitne til psykisk og fysisk vald eller seksuelle overgrep skal du ta kontakt med barneverntenesta og politiet.

Har du mistanke om at eit barn eller ein ungdom vert utsett for vald og overgrep kan du og kontakta det lokale konsultasjonsteamet for vold og overgrepssaker for råd og rettleiing. I akutte tilfelle skal du ringa politiet (tlf. 02800) barnevernstenesta i kommunen, barnevernsvakta eller alarmtelefonen for barn og unge (116 111).

Kommunen har også en avtale med Senter mot seksuelle overgrep SMISO, som er et sjølvhjelpssenter som gjer gratis bistand. Dei kommunale instansane samarbeider med og kan tilvisa til Barne og ungdomspsykiatrisk avdeling, BUPA for vidare oppfølging. Barnevernstenesta og politiet kan og visa til oppfølging ved Barnehuset i Stavanger for valds- og overgrepsutsette mindreårige. Forutsetninga for hjelp ved Barnehuset er at politiet har motteke ein anmeldelse.

Krisesenteret (tlf. 51530623) arbeider for å beskytta, støtta og rettleia valdsutsette kvinner og deira barn. Det kan være vald årsaka av ein person i nær relasjon som ektefelle, sambuar, søsken eller forelder.

KRIPOS og politiet har ei kampanje mot vald i nære relasjonar. «Kor lite skal du finna deg i?» heiter kampanjen, og set eit viktig søkelys på vald i nære relasjonar.

Du kan lesa meir om temaet på nettsidene som er lenka under;

Nasjonal veiviser ved vald og overgrep: dinutvei.no

Politiet si rådgjevande nettside finn du her.