Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Sjå, høyr, spør og snakk

Kva er barn i risiko? Korleis kan me snakka med barn og ungdom som er i risiko for å utvikla vanskar? Kva kan me sjå etter? Korleis ta i mot det vanskelege som vert fortalt av og til?

Det finns ikkje ei oppskrift som passar alle menneske, og det fins heller ikkje eit gitt symptom som garanterer at vanskane fins, vert verre eller går over. Når me ser, høyrer, spør og snakkar er det viktig at me har bredde i arbeidet vårt og ikkje kun fokus på eitt område av situasjonen.

Nivå 0 betyr arbeid i eiga eining. På denne sida finn du tips til korleis du som tilsett i ei oppdagande eining (fastlege, helsestasjon, NAV, skule, barnehage eller SFO) kan sjå, høyra, spør og snakka med barn og unge i risiko for å utvikla vanskar. 

Sjå

Observasjon er ...

Når tilsette i den enkelte eininga forbereder observasjonar er det naudsynt å tenkje på eiga haldning, kva me som observerer har med oss av kunnskap og opplevingar og korleis me ser på vanskane som me trur er i systemet rundt barnet eller ungdommen me vil forstå og hjelpa. Les gjerne meir om dette i desse lenkene:

Om observasjon

Ulike observasjonsteknikkar

Høyra, spørra og snakka

Mange kan kvia seg for å ta ein samtale med eit barn eller ein ungdom der me ikkje heilt veit kva temaet er. Det kan vera utfordrande å vita korleis me kan leggje fram bekymringa vår, eller korleis me kan få informasjon gjennom å snakka med barnet eller ungdommen det gjeld. Her kjem nokre tips til korleis snakka med barn og ungdom om ulike tema.

For å verte betre kjent med eit barn eller ein ungdom kan ein spela Hei-spelet. Spelet er utvikla ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP), og på Youtube kan du sjå meir om korleis det kan hjelpa på samtale mellom vaksne og unge.

FuelBox er eit anna verktøy som kan nyttast, der finns eigne boksar for pårørande og fagfolk, for barneskule og for ungdomsskule. Eleven sin sjølvrapport er eit anna konkret verktøy som kan nyttast i skulen for å hjelpa eleven å setja ord på eigen situasjon.

Snakketøyet er ein god nettportal med tips til korleis du som ein trygg vaksen kan snakka med barn og unge når vaksne eller søsken i familien er sjuke, og barna eller ungdommane du møter er pårørande. 

For anna oppfølging av barn som er pårørade kan appen "Meg Også" vera eit fint verktøy å nytta i kvardagen. Den finns gratis tilgjengeleg både på AppStore og Google Play.

For foreldre i familiar der barn er pårørande kan ein anbefala å lesa på helsenorge.no sine nettsider. Der finns gode råd for kva foreldre kan gjere for å hjelpa sine barn som er pårørande og førebygga utvikling av vanskar.

Har du mistanke om vald eller overgrep skal du kontakta barnevern og politi. Det kan likevel vere godt å kjenna seg litt førebudd dersom informasjon om slike forhold kjem fram i andre situasjonar. StineSofie-stiftelsen  har utvikla gode nettsider der vaksne kan finna informasjon og tips til samtalar rundt vald og overgrep.

Om du vil trene spesifikt på korleis du kan snakka med barn om vald og overgrep så kan du nytta SNAKKEsim, ein app utvikla av Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) for nettopp dette. Informasjon og nyttige lenker finn du RVTS sine heimesider.

kriser.no finn du og ein ressursbank dersom du vil læra meir om krisearbeid, vanlege reaksjonar etter kriser og kva som kan vere eventuelle komplikasjonar.

Senter for krisepsykologi har utvikla ei informativ nettside med fleire gode lenker om temaet sorg. Alle vil oppleva sorg ein eller fleire gonger i livet. Sorg er ikkje ein sjukdom og skal ikkje behandlast, men eit tap som gjer sorg kan likevel ha store konsekvensar for eit barn eller ein ungdom si daglege fungering og utvikling.