Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Første møtet

Første møte med foreldre/ungdom:

Om du som tilsett er uroa for eit barn sin situasjon eller utvikling ta raskt kontakt med foreldra og inviter til møte. Mal for innkalling finn du her. Dersom barnet/ungdommen ikkje skal vere med på møtet skal det grunngjevast.

Møteagenda;

Kven er til stades? Presentasjon av alle. Husk referent som skriv referat som skal arkiverast.

Kvifor er me samla? Det vert sett ord på uroa for barnet, alle skal få sei kva dei tenker og opplever.

Me skal kartlegga nettverket til barnet og familien, og sjå kva ressursar som allereie finns rundt barnet gode ting me kan bygga vidare på.

Me blir einige om en plan for det vidare arbeidet – kva skal familien gjera, og kva skal tilsette i Klepp gjera?

Signering av samtykkeskjema – i Klepp arbeider me i lag, og me er avhengige av samtykke til å gje og innhente informasjon om me treng det.

Sikra familien ein kontaktperson i det vidare arbeidet, før møtet vert heva skal foreldra ha eit namn å forhalda seg til, og vita korleis dei kan kontakta vedkomande.

Neste møtedato vert sett. I Klepp skal det ikkje vera meir enn 6 veker mellom første og andre møte dersom ein er uroa for eit barn sin situasjon eller utvikling.

 *ved mistanke om vald og/eller overgrep kan saka drøftast i kommunen sitt konsultasjonsteam for vald og overgrep.

* Ved alvorleg uro er tilsette lovpålagde å melda til barnevernstenesta (Lovdata)