Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kva skjer når me ber om hjelp?

Når me fortel andre om ei bekymring me har, anten det er foreldre eller ungdommar sjølv som søkjer hjelp eller om det er vanskar som vert oppdaga av tilsette i Klepp - så startar eit arbeid for å snu ei negativ utvikling for barnet eller ungdommen det gjeld. For å sikra at alle tilsette i Klepp arbeider etter same prinsippa, og dermed sikrar alle innbyggarane i Klepp lik rett til god hjelp, har me laga ei oversikt over korleis arbeidet skal gå føre. 

Klikk inn på dei enkelte punktene i undermenyane for å lesa meir. Her finn du t.d. mal for møteinnkallingar, referat, og samtykkeskjema, du finn oversikt over korleis første møtet skal føregå, kor lang tid det er forventa å bruka på dei ulike prosessane, klagerettar, innspel til korleis lytta, sjå og snakka med barn og unge, med meir.

 

Merk deg at dersom bekymringa di gjeld problematisk skulefråver, mobbing, eller vald og overgrep så finns spesifikke rutinar i lenkene her i teksten.

Nivå 0

Sjå, høyr, spør, snakk

Kva er barn i risiko? Korleis kan me snakka med barn og ungdom som er i risiko for å utvikla vanskar? Kva kan me sjå etter? Korleis ta i mot det vanskelege som vert fortalt av og til? Gjennom lenka over finn du ein idèbank for observasjonar, samtalar, informasjon om ulike problemstillingar som kan gje vanskar, med meir.

Drøft med næraste leiar

Kjenner du som tilsett i Klepp på ei uro for eit barn eller ein ungdom kan du drøfta uroa di med næraste leiar eller ein kollega. Tenk gjennom kva som uroar deg; er det situasjonen, teikn som barnet syner, noko som er sagt, oppvekstmiljøet eller at det nyleg har skjedd ei eindring hos barnet? Konkretiser uroa – kva er du bekymra for? Kva ser du/høyrer du/tenker du? Kor i kroppen kjenner du uroa? Kva kan konsekvensar av det du ser/høyrer/kjenner vere? Kvifor er dette viktig? Kven gjeld det/kven er involvert? For kven er dette viktig? Deg som tilsett, andre i gruppa eller barnet?

Drøft med foreldra

Om uroa di er sterk nok til at du har drøfta den med næraste leiar er den og sterk nok til at den må formidlast til foreldrene. Informasjon til foreldre skal gjerast same veke som du drøftar med leiar, og den kan gjes direkte i ein naturleg møtesituasjon, på telefon eller gjennom eit avtalt møte. Nytta deg av dei same punkta som du reflekterte rundt i lag med leiar, og snakk med foreldra slik du ville blitt møtt ved ein slik samtale sjølv.

Grunn til vidare oppfølging?

Avhengig av kva me er uroa for, kontakten med heimen og informasjonen som kjem fram må det vurderast om det skal arbeidast vidare med eller om det er forventa at vanskane vil gå over. Vurderinga som vert gjort skal loggførast etter gjeldande retningslinjer og lovverk. Skal ein arbeida vidare med saka går ein vidare på Nivå 1.

Nivå 1

Definér problemstillinga

For å konkretisera kva uroa handlar om kan det vere greit å ta utgangspunkt i nokre enkle spørsmål. Slike spørsmål kan t.d. vere;

Kva område er me uroa på? Læring? Sosialt? Emosjonelt? Andre?

Kva situasjonar er me uroa for/i? Overgangar? Nye situasjonar? Styrt aktivitet? Fri aktivitet? Lyd, lys, andre menneske, vurderingar? Andre?

Tenk gjennom kor ofte det me uroar oss for skjer, om det er noko "nytt" i barnet sitt liv, eller om det "alltid har vore slik"?

Skriv kort ned kva for risikofaktorar som er kring barnet eller ungdommen, og kva for beskyttelsesfaktorar som fins i eller rundt barnet.

Planlegg og gjennomfør første møte

Dersom drøftinga med leiar og foreldre enda opp med konklusjonen om å starte eit meir systematisk arbeid rundt barnet, så skal eit møte med foreldra vere neste steg i arbeidet. Klikk på lenka over for å sjå korleis malen for eit slik møte ser ut.

Møte med foreldra og evt. ungdommen skal skje innan 2 veker frå drøftinga. Dersom ungdommen ikkje skal vere med på møtet skal det grunngjevast. I Klepp arbeider me etter prinsippet "Ingenting om meg, utan meg".

Start tiltak

Eit tiltak er handling knytta til det me er uroa for eller merkame på. Det er naudsynt å ha definert uroa før tiltak vert igangsett. Dette er gjort gjennom drøfting med barnet eller ungdommen sjølv, drøfting med leiar, og med foreldre (sjå førre punkta).

Det er viktig å definera område, symtom og/eller situasjon me er uroa for eller merksame på (t.d. motorikk på skulen i læringssituasjonar, sosialt samspel med vener på fritid, nedstemt uttrykk og tilbaketrekning på skulen og heime, med meir).

For å setja i gang tiltak må me vurdera mål - hva vil me oppnå? Det kan vidare delast inn i hovudmål og delmål (t.d. undersøkja motorikken gjennom observasjon og drøfting med fysioterapeut på skulen innan 2 veker, opplevd meistring i samspel med andre barn og ungdom i uorganiserte aktivitetar 4 gonger den neste månaden, sikra at det ikkje er utvikling av psykiske vanskar eller lidingar i lag med helsesyster i løpet av neste veke, tilby støtte, trøyst eller oppfølging i ei viss periode, osv). 

Mål skal vere konkrete, definerte, målbare og tidfesta.

Vel ut eitt mål for kvar "hjelpar"; eitt for foreldre, eitt for faglærar, eitt for sosiallærar, eitt for barnet sjølv, og så bortetter. Det kan godt finnast fleire gode delmål for å nå eitt større hovudmål, men det er naudsynt at ein hjelpar arbeider med eitt mål om gongen.

Kortare mål skal ha ei tidsramme på 2-3 veker, lengre på 2-3 månader. Hovudmålet skal vere maksimalt seks månader fram i tid.

Den som har uroa for barnet/ungdommer er den som har ansvar for å dela opp tiltaket i fleire ulike konkrete delmål. Gjer det saman med kollegaer, leiar, foreldra, ungdommen sjølv og/eller andre nære samarbeidspartar.

Evaluering av tiltak

Samla inn resultat frå alle tiltak.

Den som har hatt ansvar for tiltaket skal evaluera det i lag med den som har ansvar for framdrift. Til dømes skal det noterast kva som var vurderinga og eventuelt anbefalinga etter observasjonen frå fysioterapeuten? Var det lettare for eleven å kjenna meisting inne eller utendørs på fritida? Var det berre i lag med ein bestemt ven, eller helst i ei større gruppe? Fyller eleven kriteria for mild/moderat depresjon? Kvifor eller kvifor ikkje?

Kva har nytta?

Kva har ikkje nytta?

Juster mål om naudsynt.

Sett inn nye tidfesta tiltak ut frå opplysningar frå evalueringa. 

Nivå 2

Opprett kontakt med andre tenester

Når me avgjer i lag med familien at det er behov for kontakt med andre tenester, anten kommunale eller eksterne (t.d. BUPA), skal me nytta det felles kartleggingssystemet i kommunen kalla Firfotingen. Skjema til utfylling, samt rutinar for bruk og oppbevaring finn du ved å følga lenka over.

Planlegging, oppstart og evaluering av tiltak

Planlegging, oppstart og evaluering av tiltak er beskrive under nivå 1. Sjå mal for arbeid der.

Helse Fonna har laga ei god oversikt over oppgåver og framdrift i samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og tenester i kommunen kalla barn og unges helseteneste. Klikk deg inn på lenken for å lese meir, og få inspirasjon til vidare utvikling av tiltak og arbeid.

(HelseVest er og i gang med sitt arbeid med liknande nettside, ny lenk kjem når den er i drift).

Nivå 3

Første møte med aktuell instans

Undersøkjing/utgreiing

Koordinert innsats

Evaluering

Avslutta? Vidare arbeid på Nivå 1, 2 eller 3?