Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kva kan eg gjer om...?

Barn og ungdom som veks opp i Klepp undrar nokre gonger på om det dei ser, opplever eller kjenner på er «normalt» eller ikkje, rett eller galt, eller farleg. Me som arbeider med barn og ungdom får ofte spørsmål og kva me eller dei unge sjølv kan gjere for å hjelpa, forstå eller ordna opp. Denne nettsida skal innehalda dei spørsmåla me som skal hjelpa oftast møter, slik at du som er ung i Klepp kan sjekka her om nokon før deg har lurt på det same som deg, og kva me då har svart.

Om du ikkje finn att det du lurer på i menyen til venstre, så ta kontakt med ein vaksen du er trygg på, og spør denne om hjelp. Du kan og ringa eller teksta ulike hjelpetelefonar  (anynomt). 

Tankar eller kjensler plagar meg

Det er vanlig for alle å ha tankar og kjensler som er plagsame, vonde eller som gjer ubehag, og alle klarer å leve greitt med slike i ei avgrensa tid. Livet går opp og ned, og vonde og vanskelege tankar og kjensler er ein vanleg del av livet. Men om slike tankar eller kjensler plagar deg så mykje at det går ut over kva du vil eller klarer å gjer i ein vanleg kvardag, då skal du søka hjelp. Det er ikkje alltid så mykje hjelp som skal til, mens i andre tilfelle treng du lengre og meir omfattande oppfølging. På ung.no finn du meir informasjon om tankar og kjensler.

Snakk med nokon om det som plager deg, så finn me saman ut korleis du best får hjelp. Som ofte er det situasjonen du er i som gjer det vanskeleg for deg, å då kan det vere vanskeleg å endre på det sjølv utan å involvere nokon vaksne som kan hjelpa.

For barn og unge er det svært vanleg å tru at dei er heilt aleine om å ha sære, påtrengande, vanskelege og ubehagelege tankar og kjensler. Det er du ikkje! Snakk med ein vaksen du stoler på, anten det er foreldra dine, trenaren på turnen, ein leiar i speidaren, læraren din, ein vaksen venn av familien, helsesyster eller andre vaksne du kjenner og trur kan hjelpa deg.

Viss du vil snakka med nokon som ikkje kjenner deg eller familien eller skulen din, fins det fleire hjelpetelefonar du kan ringe. På ung.no finn du også mykje nyttig informasjon.

Eg opplever mobbing

Det er mobbing når nokon utset andre for negative handlingar, og det skjer gjentekne gonger over tid! Mobbing kan for eksempel vere å bli dytta, ledd av, slått, pirka på, baksnakka, stengt ute, trua, eller pressa til å gjere noko ein ikkje vil.

All mobbing er forbode!

Både vaksne og barn kan vere dei som mobbar. Mobbing kan gå føre seg i barnehagen, på skulen, på nettet og i fritida. Det er dei vaksne som har ansvar for å sjå – og stoppa – dei som plager andre, men dei må vita om kva som skjer. Det er alle sitt ansvar å sei i frå, og barn og ungdom. Om du har mistanke om, eller kjenner til, at nokon opplever mobbing vil vi gjerne hjelpe!

Om mobbinga skjer på ein bestemt arena er det viktig å ta kontakt med ein ansvarleg vaksen på denne arenaen (til dømes kontaktlærar og sosiallærar på skulen, trenaren/leiar på fritidsaktiviteten, og liknande).

Mobbing som har starta ein plass kan ofte spreie seg til andre område. Det er difor svært viktig at vaksne rundt barnet eller ungdommen arbeider og snakkar i lag!

Det finns mykje god informasjon på skulane sine heimesider under fana «Trygt og godt skulemiljø». Her finns informasjonbåde til elevane sjølv, til foreldre og til tilsette i kommunen. På dei same heimesidene fins og ein «Mobbeknapp» der ein kan melda frå direkte til rektor om mobbing. 

Eg slit med å gå på skulen

Mange barn og unge går på skulen frivillig og utan vanskar, sjølv om alle kan kjenne på ynskje om å gjera noko anna enn skulekvardagen i periodar. 

Dersom du ikkje klarer eller kan gå på skulen, eller ikkje klarer vere på skulen heile skuledagen, vert det kalla skulevegring og problematisk skulefråvær. Då treng du og familien din ofte hjelp for å endra situasjonen.

Fagfolk frå ulike tenester i kommunen skal bidra i ei brei kartlegging av situasjonen din, det er viktig å få fram mest mogleg nyttig og viktig informasjon så tidleg som råd.  Når me veit meir om kvifor det er vanskeleg for deg å gå på eller ver på skulen så kan me lettare og raskare setje inn god hjelp. Korleis dei vaksne rundt deg og kommunen skal arbeida når du har eit problematisk skulefråvær kan du lesa meir om i den handlingsplanen Plan for førebyging av og tiltak ved skulefråvær i Klepp kommune 2017-2020

Eg er bekymra for mor eller far

Menneske vil oppleva kriser ein eller fleire gonger i livet. Det kan skje plutselig, me kan oppleva langvarige vanskar, eller me eller andre rundt oss kan bli sjuke. Når foreldre vert sjuke eller har vanskar i kvardagen kan det nokre gonger bli vanskeleg for barna og ungdommane.

Alle foreldre vil det beste for sine ungar, og foreldre kan prøva å skåna og skjerma sine barn frå det som er vanskeleg. Det er likevel viktig at barn og ungdom som er pårørande får nok og god informasjon om kva som skjer og som kan skje. Barn og ungdom kjenner lett på skuld og ansvar for sine foreldre, og god informasjon kan motverke vanskar som kan oppstå på grunn av slike tankar og kjensler om skuld og ansvar.

I Klepp kommune vil me hjelpa. Me kan ha samtalar med deg som er pårørande, me kan støtta foreldra dine i å gje informasjon til andre viktige rundt barnet (anna familie, skule eller barnehage, og eventuelt andre), og me kan gje dei vaksne i krise informasjon eller rettleiing om korleis de kan ta vare på familien og særleg ungane i vanskelege situasjonar.

Dei som kan hjelpa i kommunen er for eksempel helsestasjonen, fastlegen, avdeling for psykisk helse og rus og barnevernstenesta. Klikk deg inn på lenkene, så finn du kontaktinformasjon. Er det allereie hjelp inne i familien frå kommunen så kan du som barn eller ungdom og ta kontakt direkte med desse for å spør om ting du lurer på eller fortelje dei om noko er vanskeleg for deg eller familien.

I tillegg har me møter i skular og barnehagar der tilsette i kommunen kan drøfta utfordringar i lag med foreldre og barn og ungdommar sjølv, om dei vil. Desse vert kalla ressursgruppemøter, og her treff de både skule eller barnehagetilsette, ein representant frå PPT, helsesyster, ein representat frå barnevernet, skulelegen eller eigen fastlege. Andre hjelparar kan og delta om de ynskjer det. Snakk med ansvarlege vaksne på skulen din, så organiserer dei eit slikt møte.

Du kan og lesa meir om dette temaet på Voksne for barn, i eit rundskriv til helsepersonell frå Helsedirektoratet, og ved Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

Når ting ikkje er som dei skal heime

Viss du som barn eller ungdom er uroa for sjukdom eller vanskar hos foreldra dine, kan du lesa meir på avsnittet over. I dette avsnittet kan du lesa meir om kva du kan gjere dersom du eller andre du kjenner lev med vold i kvardagen sin.

Vold kan vere anten fysisk (klypa, lugga, slå, sparka, klora, osv.), psykisk (stygge ord, trugslar, blikk, krenking, ignorering og kontroll, med meir). Ulike typar vald kan du lesa meir om på ung.no sine nettsider.

Om du eller nokon du kjenner er utsette for eller er vitne til psykisk og fysisk vald eller seksuelle overgrep skal du ta kontakt med barnevernstenesta og politiet. Du kan og ta kontakt med kommunen sitt konsultasjonsteam for vold og overgrepssaker for råd, og du kan snakka med fastlegen din, vaksne på skulen eller helsesøster. I akutte tilfelle skal du ringa politiet (tlf. 02800) barnevernstenesta i kommunen, barnevernsvakta eller alarmtelefonen for barn og unge (116 111)

Eg skadar meg sjølv

For nokre år sidan var sjølvskading sett på som eit mislykka forsøk på å ta sitt eige liv. Slik er det ikke i dag. Ein som sjølvskadar gjer det for å meistra, og for å overleva sterk kjenslemessig smerte.

Nokre gonger veit ein ikkje sjølv kvifor ein gjer dette, årsaka kan vere ukjent eller det kan vere fleire grunnar. Det kan være for å flytta smerten og ubehaget frå innsida til utsida, det kan være for å synliggjøre det vonde du kjenner på inni seg, det kan være som en vekkjar for å kjenna følelsar i det heile tatt, og det kan være for å sjå på at sår kan gro – det kan gje håp for eiga smerte og indre sår. Det kan og ver heilt andre grunnar for sjølvskadinga, men det er viktig å sjå personen bak handlinga – kva tankar og kjensler som ligg bak. 

Om du skadar deg sjølv, eller kjenner noko som gjer det, er et viktig å huska at det er forskjell på kjensler (det du kjenner på) og handlingar (det du gjer). Du skal godta og validera følelsane (det vonde som ligg bak), men det betyr ikkje at du godkjenner adferden (det å skada deg sjølv/at andre skadar seg sjølv).

Mange som skadar seg sjølv gjer det i løyndom. Om du oppdagar venner som skader seg sjølv er det på tide å søka profesjonell hjelp. Det å hjelpa nokon syner og at du tar det vanskelege på alvor, og støtter følelsane til vennen din.

Ikkje anta at problemet vil forsvinna av seg sjølv, eller gå over. Den som driv med sjølvskading treng hjelp til å finna betre måtar å tola det vonde på, og hjelp til å endra det som gjer vondt. Snakk med ein vaksen som kan hjelpa. Om ingen vaksne i familien kan forstå eller hjelpa så kan du kontakta ein lærar eller vaksen på skulen, eller fastlegen eller helsesyster. I Klepp har me og helsestasjon for ungdom der du kan koma utan tilvising eller ventetid og snakka om det som er vanskeleg.

Du kan lesa meir om hjelp mot sjølvskading på desse nettsidene:

Hjelptilhjelp, Ung.no og Nasjonalt senter for sjølvmordsforskning og forebygging

Eg spelar for mykje dataspel

I dag er dataspel ein del av kvardagen til mange barn og ungdom, dei speler ulike dataspel regelmessig. Stort sett gjer dataspeling ei god utvikling, du lærer mykje nytt, og i fleire spel er det sosialt og fint å oppleva meistring.

Nokre svært få får ei ukontrollert trong til å spele og vert dataspelavhengige. Avhengige barn og unge har ein overdriven og tvangsprega bruk av spel som gjev vanskar i det sosiale og emosjonelle livet. Då er det ikkje spelet som er problemet, men spelinga og trongen du har til å spela meir eller heile tida, slik at spelinga øydelegg for andre ting i kvardagen (familie, vennar, skule, deltidsjobb, og så vidare).

Er du uroa for om di gaming er overdriven (eller skadeleg) dataspeling, så snakk med foreldra dine eller venner om trongen. Vil du ha råd og hjelp frå andre, kan eit lurt første steg vere å kontakta helsesøster eller sosiallærar på skulen for råd, eller snakka med fastlegen. Dei kan og visa vidare til andre tilbod i kommunen.  Det er viktig at du som er avhengig av spel så tidleg som mogleg tar grep for å få til ei positiv endring.

Er avhengigheita så stor at vanskane krev behandling i spesialisthelsetenesta kan få hjelp hos Ruspoliklinikk Ung Sandnes som  driv eit behandlingstilbod for aldersgruppa 15-35 år. Fastlegen, barnevernstenesta eller NAV kan tilvise til slik spesialistbehandling. Er du under 15 år kan fastlegen vurdera tilvising til BUP etter kartlegging frå andre tenester i kommunen.

Det finns god informasjon på nett om overdriven dataspeling, og fleire sjølvhjelpsgrupper og organisasjonar for pårørande. Du finn meir informasjon på http://www.spillavhengighet.no/ og på http://www.hjelpelinjen.no. Desse tenestene driv mellom anna hjelpetelefon (telefonnummer 800 800 40), dei tilbyr individuelle møter og nettverksmøter, med meir. 

Kva skjer når nokon er bekymra for meg?

Her kan du sjå meir om korleis me arbeider i kommunen  når me er uroa for eit barn eller ein ungdom sin situasjon, helse eller utvikling.