Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Når det hastar

Nokre gonger treng me hjelpa meir akutt enn andre gonger, sjølv om det kan hasta elles og.

Treng du medisinsk hjelp til å vurdera spørsmål om helse skal du kontakta fastlegen din i opningstida til legekontoret. Du kan ringa legevakt 116 117 når fastlegen din ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ring 113 om det er særs akutt og står om liv. Giftinformasjonen har telefonnummer 22 59 13 00.

Gjeld situasjonen psykisk helse kan du og kontakta fastlege eller legevakt, men du kan og ringa akutteamet ved Jæren Distriktspsykiatriske Senter på vakttelefon 474 597 97. Dei har eit bredt samansett team, er tilgjengelege for samtaler der det måtte passe for deg mellom kl. 08 og 21. Tilbodet er frå 13 år og opp, og for innbyggarar i Klepp, Time, Gjesdal og Hå kommune.

Har du ei vanskeleg tid i rolla som foreldre og treng bistand fort, så kan du ringa barnevernstenesta i vanleg opningstid på 51429800 eller barnevernsvakta (kveld og helg) på 02800.

Treng du eller andre støtte frå det psykososiale kriseteamet i kommunen, ring 116 117.  Krisesenteret i Stavanger treff du på telefon 51530623.

Andre viktige telefonnummer i kommunen.