Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Frå uro til handling

Foreldre, barn og ungdom treng til ulike tider og av ulike årsaker ekstra hjelp eller oppfølging. Tidleg og rett hjelp gjer best resultat. Foreldre vert oppmoda til å ta kontakt om dei er uroa eller har spørsmål knytt til barnet eller ungdommen si utvikling, eller treng å snakka med nokon om familien sin situasjon.

Mange, både foreldre og fagfolk, vegrar seg for å gripa inn når teikna på vanskene er små og vage. Tidlege symptom på vanskar må nokre gonger veksa seg store og endå vanskelegare før "nokon gjer noko". Slik vil me ikkje ha det i Klepp.

Med desse nettsidene vil me skapa ei oversikt over korleis tilsette i kommunen arbeider når me forsøker å hjelpa så tidleg i vanskeutviklinga som mogleg. I menyane kan du klikka deg vidare inn til det området du vil lesa meir om.

For foreldre

Når det hastar

Foreldre, barn og ungdom treng til ulike tider og av ulike årsaker ekstra hjelp eller oppfølging. Nokre gonger treng me hjelpa meir akutt enn andre gonger, sjølv om det kan hasta elles og. Her finn du ei oversikt over viktige telefonnummer for ulike situasjonar.

Kven kan hjelpa med kva?

Foreldre vert oppmoda til å ta kontakt om dei er uroa eller har spørsmål knytt til barnet eller ungdommen si utvikling, eller treng å snakka med nokon om familien sin situasjon. Kvar du kan venda deg kan du sjå på denne sida.

Kva skjer når me er bekymra?

Når foreldre eller tilsette uttykkjer uro for eit barn eller ein ungdom si helse, utvikling eller situasjon så skal tilsette i kommunen arbeida etter felles retningslinjer. Dette gjer me for å sikra alle lik rett til god oppfølging. På denne sida kan du sjå korleis og kvifor tilsette i kommunen arbeider med uro for barn i risiko på ulike nivå.

For barn og ungdom

Når det hastar

Barn og ungdom treng til ulike tider og av ulike årsaker ekstra hjelp eller oppfølging. Nokre gonger treng me hjelpa meir akutt enn andre gonger. Her finn du ei oversikt over viktige telefonnummer for ulike situasjonar.

Kven kan hjelpa med kva?

Treng du som barn eller ungdom nokon å snakka med om din eller familien din sin situasjon? Er du bekymra for noko du eller venner tenkjer på eller opplever? Kven du som er barn eller ungdom kan venda deg til for å spør eller fortelja kan du sjå på denne sida.

Kva skjer når nokon er uroa for meg?

Når nokon uttykkjer uro for eit barn eller ein ungdom som kan utvikla vanskar så skal tilsette i kommunen arbeida på ein bestemt måte. Dette gjer me for å sikra alle lik rett til god oppfølging. På denne sida kan du sjå korleis og kvifor tilsette i kommunen arbeider med uro for barn i risiko på ulike nivå.

For tilsette og andre

Når det hastar

Foreldre, barn og ungdom treng til ulike tider og av ulike årsaker ekstra hjelp eller oppfølging. Nokre gonger treng me hjelpa meir akutt enn andre gonger, sjølv om det kan hasta elles og. Her finn du ei oversikt over viktige telefonnummer for ulike situasjonar.

Kven kan hjelpa med kva?

Foreldre vert oppmoda til å ta kontakt om dei er uroa eller har spørsmål knytt til barnet eller ungdommen si utvikling, eller treng å snakka med nokon om familien sin situasjon. Kvar du kan venda deg kan du sjå på denne sida.

Kva felles retningslinjer arbeider me etter?