Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Demens

Demenskoordinator

Klepp kommune har ein demenskoordinator med følgande oppgåver:

  • leiar for hukommelsesteam
  • oppfølging av TID  
  • brukar- og pårørandeskule

Hukommelsesteam

Har du eller ein av dine næraste behov for samtale, rettleiing og vurdering i forhold til demenssjukdom?

Då kan du kontakta din fastlege som henviser deg til hukommelsesteamet i Klepp kommune.

Hukommelsesteamet har fokus og kompetanse på demenssjukdom.

Hukommelsesteamet kjem på heimebesøk etter avtale med deg og pårørande.

Heimebesøket tek ca. to timar med samtale og kartlegging av følgande:

  • aktivitetar i dagleglivet
  • tryggleik i bustaden
  • ulike testar (MMS, klokketest m.m)
  • pårørande sin situasjon
  • nettverk
  • hjelpebehov

Hukommelsesteamet skriv rapport som vert sendt til fastlegen. Deretter vert det avtala eit oppsummeringsmøte med fastlege, heimeteneste og pårørande der ein informerar om resultata frå kartlegginga og eventuelt diagnose.

Her vert det vurdert kva for oppfølging og tiltak som kan vera aktuelle for deg og dine pårørande.

Brosjyre humkommelsesteamBrosjyre humkommelsesteam

TID - tidleg oppfølging ved demenssjukdom

Meir informasjon om TID kan du lesa i denne brosjyren:

 Tidleg oppfølging ved demenssjukdom 2Tidleg oppfølging ved demenssjukdom 3Tidleg oppfølging ved demenssjukdom 4

Brukar- og pårørandeskule

Vi kjem tilbake med informasjon når nytt tidspunkt for brukar- og pårørandeskule er planlagt i 2020.

Brukar- og pårørandeskule er eit konsept der både personen med demens og pårørande kjem på same tid.

Når eit menneske får konstatert demenssjukdom oppstår det ein ny situasjon som påverkar dagleglivet.

Det oppstår situasjonar som kan vera vanskelege å meistra både for den demenssjuke og deira pårørande.

 

Andre tilbod

Kontaktinformasjon

Sentralbord i Klepp kommune: telefon 51 42 98 00

Tenestekontoret: telefon 51 78 44 30

Alle søknader om tenester frå kommunen kan søkast elektronisk. Treng du hjelp med utfylling av søknad kan du ta kontakt med Klepp bibliotek.

Søknadsskjema

Demenskoordinator:

e-post: demenskoordinator@klepp.kommune.no

(meldingar på e-post må ikkje innehalda helseopplysningar eller sensitiv informasjon).

Telefon: 51 78 44 85

Demenslinje Nasjonalforeningen:  e-post: demenslinjen@nasjonalforeningen.no

(meldingar på e-post må ikkje innehalda helseopplysningar eller sensitiv informasjon).

Telefon: 23 12 00 40

Vil du vita meir?

Sjå følgande lenker:

Hva er demens?

Jæren Demensforening - program 2019

Nasjonalforeningen for folkehelsen - informasjon om likeperson

Aldring og helse

Pårørendesenteret

Helsedirektoratet - retningslinjer 

Fylkesmannen: Trenger du verge?