Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Barneverntenester

Kontakt på dagtid

Kleppetunet, Olav Hålandsveg 2, 4352 Kleppe

Tlf: 51 42 98 00

Vakttelefon kl.08.00-15.00: 47 97 85 90

Barnevernvakta

Barnevernvakta yter hjelp til barn, ungdom og familiar i krise på kveldstid og i helger. Ring 02800.

Barnevernvakta Klepp kommune

Barnevernvakten.no

Alarmtelefonen for barn og unge

Alarmtelefonen for barn og unge er open heile døgnet og er gratis.

Hjelp frå barneverntenesta

Barneverntenesta gir barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. For at me skal komme tidleg inn med hjelp, er det viktig at foreldre, barn, ungdom eller andre søker hjelp hos oss ved behov eller bekymring.

Barneverntenesta

  • behandler og undersøker meldingar
  • set i verk hjelpetiltak i familien
  • gjev omsorgstiltak for barnet.

Er du bekymra for eit barn?

Privatpersonar og offentlege instanser kan ringe eller sende skriftlig melding til barneverntenesta når ein er bekymra for om barn, ungdom eller familie har det vanskeleg og kanskje treng hjelp. Det er mogleg for private å vera anonyme.

Når det er grunn til å tru at det er alvorleg omsorgssvikt, plikter alle offentleg tilsette å melda til barneverntenesta.

Skjema for bekymringsmelding til barnevernstjenesten

Vanlege spørsmål

Kva type tenester kan barneverntenesta i Klepp bidra med?

Når det vert vurdert at eit barn har særleg behov for hjelp, kan barneverntenesta blant anna tilby råd og rettleiing til familien, utvida foreldrerettleiing individuelt eller i grupper, miljøarbeidar i heimen, barnehage eller SFO, økonomisk hjelp, opphald i fosterheim eller institusjon.

Kan eg vera anonym når eg kontakter barneverntenesta?

Barnevernet kan gi anonymitet til privatpersonar som melder bekymring til barnevernet. Du kan imidlertid ikkje fritakast for vitneplikten dersom saka skal behandlast i fylkesnemnd eller domstol. Då opphøyrer anonymiteten. Du kan ringe barneverntenesta for å drøfte saker anonymt (det gjeld både private og offentlege personar). Då vil du få klargjort om det er ei sak for barnevernet.

Kva må ei melding til barneverntenesta innehalde?

Ei melding til barneverntenesta er informasjon om at eit barn har det vanskeleg. Meldinga må innehalde navn på barnet eller adresse. Det er ikkje eit krav at du har observert det som meldinga refererer til, men du bør kunne identifisera kjelda til informasjonen. Det er til stor hjelp for barneverntenesta at du er så konkret som mogleg. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Kva skjer etter at eg har gitt ei melding til barneverntenesta?

Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgast opp med undersøkingar. Undersøking skal starte opp dersom det er rimelig grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak. Meldinga skal leggast vekk dersom den er klart grunnlaus og/eller dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylt.

Når er det aktuelt å plassere eit barn i fosterhjem eller liknande?

Barneverntenesta har som utgangspunkt at barn skal bu i heimen så sant det er mogleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barneverntenesta setje i verk hjelpetiltak for å betre situasjonen til barnet. I slike tilfelle vert det lagt vekt på å finne årsaka til vanskane og drøfte dette med foreldra og barnet.

Hensynet til kva som er til det beste for barnet skal vere avgjerande for kva hjelpetiltak som blir sett i verk. Det er fyrst dersom slike hjelpetiltak ikkje fører fram at det kan vere aktuelt å plassere barn utanfor heimen, med eller utan foreldra sitt samtykke.

Dersom det er aktuelt å overta omsorga for eit barn, blir dette lagt fram for og behandla i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker.

Har eg rett til kontakt med barnet mitt viss det blir plassert i fosterheim eller institusjon?

Barn og foreldre har, hvis ikkje anna er bestemt, rett til samvær med kvarandre.

Viss barnet ikkje er plassert på grunnlag av samtykke, er det fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker som bestemmer omfanget av samværet. Fylkesnemnda kan bestemme at det av omsyn til barnet ikkje skal vere samvær. Dei kan også bestemme at du som forelder ikkje skal ha rett til å vite kor barnet er i dei særs alvorlege sakene.

Får eg som forelder nokon form for bistand i barnevernsaka?

Rettstryggleiken til barn og foreldre blir høgt prioritert. I saker som går for fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker eller dei andre rettsapparata, blir alle partar representert gjennom advokat som blir betalt av det offentlege.

Å fremme ei sak overfor fylkesnemnda om overtaking av omsorgen for et barn, er eit særs alvorleg tiltak som krev omfattende saksførebuingar. Det er strenge krav til dokumentasjon i slike saker.

Ønsker du/de å bli fosterhjem?

Vil du bidra til å skape ei endring? Du har moglegheit til å tilby fosterheim til nokon som treng akkurat deg.

Fleire enn 1000 nye barn og unge treng fosterheim kvart år. Vil du vera med på å skapa ein betre kvardag for barna? Kvar ny dag gjev ein ny sjanse. Gi dei ei hand å halde i!

Kontakt barneverntenesta på telefon 51 42 98 00.

Nyttige nettsider

Landsforeningen for barnevernsbarn

Barnevernet.no

Forsterhjem.no eller fosterhjemsforeningen.no

Barn og unge - ein nettstad for barn og unge av rusmisbrukarar

Bufetat.no

Bufetat.no/adopsjon