Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Avlasting

Tenesta er lovpålagt og kan gis til personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid for barn, vaksne eller eldre familiemedlemmer.

Foreldre har plikt til å dra omsorg for sine barn. Tenesta vert tildelt der omsorgsoppgåvene klart overstig kva som kan ventast i forhold til andre barn på same alder.

Tenesta skal motverke slitasje og redusert livskvalitet hos omsorgspersonar/familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid, slik at familierelasjonar, sosialt nettverk kan oppretthaldast.

Avlasting kan gis i privat heim eller i institusjon. Kommunen vurderer kva avlastingstiltak det kan gis tilbod om. Tiltaket blir sett i samanheng med andre hjelpetiltak.

Vilkår

  1. Den som yter omsorg må ha så omfattande oppgåver at det er behov for avlasting for at vedkomande skal få naudsynt fritid og ferie.
  2. Når det gjeld barn må omsorgsoppgåvene gå ut over det som er normalt for barn på same alder.
  3. Søkar må bu i Klepp kommune

Område som ikkje gjev rett til avlasting

  1. Omsorgsgjevar sitt behov for barnevakt
  2. At omsorgsgjevar manglar nettverk er ikkje aleine eit kriterium
  3. Ein diagnose eller bestemt type funksjonsnedsetting er ikkje aleine eit kriterium
  4. Erstatning for andre kommunale tiltak som ein har tilbod om, men som ein ikkje ynskjer å benytte, f.eks SFO eller heimesjukepleie.

Søknadsskjema 

Pris

Tenesta er gratis.

Kleppetunet

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Telefon: 51429800