Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Arbeidssentral

Arbeidssentralen er eit samarbeid mellom NAV og Klepp kommune. Arbeidssentralen er eit tilbod til personar som har ei uføreyting på grunn av psykiske helseplager eller som er på veg til uføretrygd pga. psykiske helseplager, men likevel har motivasjon til å prøve seg litt i arbeid igjen.  

For å få plass i Arbeidssentral må du ha eller søke om tenester frå psykisk helse.

Arbeidssentral har ein tilsett som kartlegg dine behov, leiter etter ein arbeidsplass som du ynskjer og som følger opp arbeidsavtalen. Arbeidsgjevarane er lokale føretak i regionen, f.eks. næring, service og omsorg. 

Vilkår:

Søkar må vere:

  • Over 18 år
  • Busett i Klepp kommune
  • I fare for uførepensjon eller motta uførepensjon på grunn av psykisk sjukdom
  • Ha eller søke om tenester frå psykisk helse

Søknad

Skriv frå brukar, helse- og sosialpersonell, NAV Klepp eller andre. Søkar må ha vedtak på kontaktperson i seksjon psykisk helse. Oppfølging vert gitt av kontaktpersonane i seksjon psykiatri, Klepp kommune.

Søknadsskjema