Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Arbeid- og aktivitet

Arbeids- og aktivitetsteamet gjev tilbod til dei med psykisk sjukdom som ynskjer innhald på dagtid, som Gnisten (tidlegare kontaktsenter) eller Arbeidssentralen.

Ein kan nytta seg av Gnisten, som er eit lågterskeltilbod. Det vil seia at ein ikkje treng eit vedtak i seksjonen for å koma dit.

Gnisten har ulike aktivitetar og grupper. Ein kan stikka innom på open kafé to ettermiddagar og i veka driv brukarane sitt eige brukarstyrte tilbod med sal av mat og ulike aktivitetar.

Somme aktivitetar vert arrangert utanfor senteret, til dømes julebord og ulike dagsutflukter.

Gnisten held ope store delar av sommaren, ved hjelp av brukarar som vikarierer for fast personale.

Åpningstid og program Gnisten våren 2017