Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Aktivitet og dagsenter

Aktivitetssenter

Tenesta er eit aktivitetstilbod til heimebuande som har behov for tilrettelagd aktivitetstilbod, individuelt eller i gruppe. 

Klepp kommune ønsker at flest mulig skal kunna bu heime lengst mulig. Eit dagtilbod kan bidra til å kunna bu heime lenger og gi pårørande avlastning.

 Aktivitetssenter er for dei som har behov for å koma seg ut, treffa andre, delta på sosiale og fysiske aktivitetar som baking, snekring, hagearbeid, handarbeid, sykkeltrening og mange fleire aktivitetar. Dei som får plass, blir henta og køyrt heim.

Frå oktober 2020 er det etablert tilbod for heimebuande med kognitiv svikt også på kveldstid. Dette er etterspurt tilbod for dei som bur med ektefelle som har påtatt seg omsorgsoppgåver i heimen. Kveldstilbodet har 6 plassar 2 kveldar i veka. Deltakarane blir henta kl.15.00 og kjørt heim kl.19.45. 

Dei fleste ønsker tilbod på dagtid, men for enkelte er ettermiddagstid å føretrekka.

 Aktivitetssenteret som ligg i Kleppheimen har godt eigna lokale og det er kjekt å kunna utvida tilbodet.

Vilkår:

  1. Brukarar som har behov for tilrettelagde aktivitetar av førebyggande, vedlikehaldande eller rehabiliterande karakter som f. eks.:
  • førebygge einsemd
  • vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale evner
  • sikre tilfredsstillande ernæring
  • førebygge behov for meir omfattande heime- eller institusjonstenester
  1. Avlasting for pårørande.
  2. Søkar må vere busett i Klepp kommune.

Søknadsskjema

 

Unntak: Dersom søkar har demens/kognitiv svikt, dokumentert manglande samtykkekompetanse, andre forvirringstilstandar eller er psykisk utviklingshemma, kan den som er oppnemnd som næraste pårørande skrive under på søknaden. Dette unntaket gjeld dersom det ikkje er oppnemnt verje, ev. hjelpeverje med mandat til dette føremål eller i sin alminnelegheit.

Inn på tunet

Inn på tunet er tilrettelagde velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Aktivitetane er knytt til garden, livet og arbeidet der.

Klepp kommune arbeider saman med Torvholen gard om eit pilotprosjekt frå mars til september 2021 

Dagsenter

Dagsenteret er eit dagtilbod for menneske med psykisk utviklingshemming. Tilbodet er variert, med hovudvekt på tilrettelagde arbeidsoppgåver eller andre former for tilrettelagd aktivitet, alt etter behov og grad av funksjonshemming. Ulike treningsopplegg inngår i dagsentertiltaket ut frå individuelle behov.

Vilkår

  1. Søkar må vere eller fungere som psykisk utviklingshemma.
  2. Søkar må vere ferdig med vidaregåande skule.
  3. Tilrettelagd arbeid skal vere vurdert først.
  4. Søkar må ha eit omfattende hjelpebehov.
  5. Søkar må vere busett i Klepp kommune.

Søknadsskjema

Eigensøknad.

Unntak: Dersom søkar har dokumentert manglande samtykkekompetanse, kan den som er oppnemnd som næraste pårørande skrive under på søknaden. Dette unntaket gjeld dersom det ikkje er oppnemnd verje, ev. hjelpeverje med mandat til dette føremål eller i sin alminnelegheit.