Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Strandryddedag

Bli med på å rydda laurdag 5.mai!

Den største kollektive ryddedugnaden i Norge er nå i gang, og mange har registret ryddeaksjonen sin i ryddeportalen til «Hold Norge Rent».  Har du lyst til å rydda, og ønsker meir informasjon om planlagde ryddeaksjonar i nærleiken av deg, og kor du kan kasta avfallet du plukkar, anbefaler vi at du tar ein kikk på Hold Norge Rent si nettside.

Innlevering av marint- og herrelaust avfall

På gjenvinningsstasjonane Forus og Sele kan private strandryddarar og organisasjonar* levera marint- og herrelaust avfall gratis i heile veke 18. NB! maks 10 sekkar pr organisasjon (*gjeld kun laurdag 5. mai 2018).

Frå og med torsdag 3. mai blir det sett opp eitt eige innleveringsområde for marint- og ryddeavfall på gjenvinningsstasjonane. Følg strandflagga merka med "Strandrydding" for innlevering av ditt ryddeavfall  (På Forus: v/innleveringa på Byttebuå, på Sele v/hageavfallet).

Gjennomsiktige sekkar

Alle som leverer avfall til gjenvinningsstasjonane må bruka gjennomsiktige sekkar. Det gjeld og dei som skal levera marint- og herrelaust avfall.

Den store strandryddedagen laurdag 5. mai

Den offisielle strandryddedagen er laurdag 5. mai. Alle som leverer marint- og herrelaust avfall til gjenvinninsstasjonen på Forus laurdag 5. mai, får ei lita overrasking som takk for hjelpa.

Les meir om strandryddedagane og kor du kan kasta avfallet her.

 

Frå IVAR IKS sine nettsider.