Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Bustadkontoret feirer 1 års jubileum 07.09.18 frå kl 11 - 13

Velkommen til alle som vil vita meir om oss og kva vi gjer i Klepp kommune.

Sidan september 2017 har dei fleste bustadsosiale oppgåver vore samla i Bustadkontoret på Sirkelen.  

Tanken med å samla alle oppgåver på ein stad er at det skal vera lettare for innbyggarane å ha ein stad å få hjelp og svar.

  • Her handsamar vi søknader om kommunal bustad
  • Vi har oversikt over utleigebustader og framtidig bustadbehov.
  • Startlån og tilskot til både etablering og tilpassing
  • Bustønad
  • Oppfølging av bebuar i bustaden
  • Råd og rettleiing ved kjøp eller leige på den private marknaden som alternativ til å leiga kommunal bustad
  • Vedlikehald og opplæring av praktiske gjeremål i bustad 

Fredag 7. september er vi glade om du kjem innom for ein drøs. Elles er det fint om du lager ein avtale før du kjem, slik at vi kan førebu eit møte. Ring oss på 51429800 for å avtala eit møte.