Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Utviding Q-meieriet

Kunngjering vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 15.12.2014 vedteke følgjande plan:

  • Sak 66/14, "PlanID 3480- detaljreguleringsplan for utviding av Q-Meieriet" med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 21.05.2014, justert 01.10.2014

Melding om vedtaket blei kunngjort i Jærbladet den 02.01.15.

 

PlanID 3480- Detaljreguleringsplan for utviding av Q-Meieriet

Saka gjeld utviding av industritomta for Q- Meieriene på Øksnevad. Planen medfører at den langsiktige grensa for landbruk blir flytta med om lag 13,5 daa. Regulert rundkøyring og Engelsvollvegen blir flytta i ny trasé. Q- Meieriene får rekkefølgjekrav om etablering av undergang under Engelsvollvegen. Bruk av veggrunn i Engelsvollvegen til utviding av dagens meierianlegg gjer at Q- Meieriene kan få eit kompakt anlegg der dei er etablert i dag.

Smartkommunekart med liste som visar alle dokumenta registrert i saka

 

Klageadgang

Kommunestyrevedtaka kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato 02.01.15. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.