Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Utvidelse Kleppestemmen Barnehage

Offentleg ettersyn

 

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 14.10.14, sak 71/2014 å leggja forslag til ”PlanID 1740-reguleringsplan(detalj)- utviding Kleppestemmen barnehage”, med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 20.09.2014, ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunnen for saka er at Klepp kommune har bruk for fleire barnehageplassar, jamfør ”Barnehagebruksplanen”. Trygge barnehager AS eig barnehagen i Kleppestemmen og ynskjer å utvide drifta frå 3 til 6 avdelingar. Reguleringsplanen gjeld utviding av Kleppestemmen FUS barnehage AS. Dagens barnehagetomt er på 3,2 daa, og vil bli utvida med 1,9 daa.

Saka har tidlegare vore lagt fram til 1. gongs behandling den 20.05.14, kor det blei fremma
forslag om å leggje det nye bygget i dagens regulerte friareal. Dette var Fylkesmannen
skeptisk til og varsla motsegn. Vedtaket frå møte blei som følgjande:

Saka blei utsett, og ein ber om at utviding av bygningsmasse blir vurdert utanfor grøntområde.
Arealbehov innafor grøntområde kan nyttast til leikeareal og parkering.

Det blir nå fremma revidert forslag som er i tråd med vedtaket over. Forslaget i sin heilhet kan sjåast i dokumentene fremma i møte.

Direkte link til saksframlegg og vedlegg framlagt i møte, i Hovudutval for lokal utvikling.

Du kan og finne alle dokumenta registrert i saka, og følgje vidare saksgang på www.klepp.kommune.no under diverse → Kart/smartportal, og sende oss synspunkt/merknader elektronisk derfra. Føretrekk du å sende dei inn skriftleg, send dei til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 01.01.15.

Direkte link til kart/smartportalen