Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Tjøtta- Område B27 og B29

Kunngjering vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 15.12.2014 vedteke følgjande plan:

  • Sak 67/14, "PlanID 6270 - Områderegulering for Tjøtta, område B27 og B29", med tilhøyrande bestemmelsar datert 02.07.13, justert 27.10.14, og planomtale datert 02.07.14, justert 10.11.14.

Melding om vedtaket blei kunngjort i Jærbladet den 02.01.15.

 

PlanID 6270 - Områderegulering for Tjøtta, område B27 og B29"

Klepp kommune har i samarbeid med Tjøtta Utbyggingsselskap AS, Dimensjon Rådgivning AS og Sjo Fasting Arkitekter utarbeidd forslag til områderegulering av felt B27 og B29 på Tjøtta, med detaljregulering av delar av planområdet. Planen blei lagt fram til ny førstegongshandsaming og ny offentleg ettersyn sommeren 2014. Innspel om at ingen nye bustader bør køyre ut via Gjærsmyrvegen, og krav om ei utvida sikringssone rundt kulturminne leda til omarbeiding av vegsystemet. Innspel om høgare bustadtettleik kravde innarbeiding av blokkbusetnad i plankonseptet.

Smartkommunekart med liste som visar alle dokumenta registrert i saka

 

Klageadgang

Kommunestyrevedtaka kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato 02.01.15. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.