Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Sporafjell/Åna-Grude

Kunngjering vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 15.12.2014 vedteke følgjande plan:

  • Sak 68/14, " PlanID 2240- "Områdereguleringsplan for Sporafjell/Åna-Grude" med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, datert 08.01.2014, justert 07.11.2014.

Melding om vedtaket blei kunngjort i Jærbladet den 02.01.15.

 

PlanID 2240- "Områdereguleringsplan for Sporafjell/Åna-Grude"

Føremålet med områdereguleringsplanen er å leggje til rette for bygging av bustadar på område avsett i kommuneplanen som B11 og B17. Delar av områdeplanen er detaljregulert. Vegane Boreringen nord og Boreringen sør skal koplast saman med ein ny vegtrasé. Langs denne nye samlevegen er det og lagt inn ei ny barnehagetomt.

Smartkommunekart med liste som visar alle dokumenta registrert i saka

 

Klageadgang

Kommunestyrevedtaka kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato 02.01.15. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.