Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID2020001 Gang- og sykkelveg og overvasstiltak Olav Hålandsveg


Klepp kommune varslar oppstart av detaljregulering for gang- og sykkelveg og overvasstiltak langs Olav Hålands veg, planid 2020001.

Detaljplanen skal legge til rette for omlag 480 m2 gang/sykkelveg og omlag 1480 m2 kommunaltekniske anlegg til overvasshandtering.

Planområdet ligg mellom Kleppetunet og Jærhagen på nordsida av Olav Hålands veg og grensar mellom anna til områderegulering for bustader i Olav Hålands veg, planid 1870, i vest.

Sjå planavgrensing

I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4 blir det og varsla at det kan bli forhandla fram utbyggingsavtale parallelt med reguleringsplanarbeidet.

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under Forskrift om konsekvensutredninger.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan5. juni 2020.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”POLITIKK OG INNSYN” → ”Møtekalender” → ”Hovudutval for lokal utvikling”. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.