Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 8220 Hovedvannledning vest

 

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 18.06.2019, sak 60/19 å legge detaljregulering for Hovedvannledning vest, Klepp med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 1.6.2019, ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget er ein detaljplan som legg til rette for at IVAR IKS kan byggje ein ny hovudvassleidning. Delstrekninga skal gå gjennom Klepp kommune frå Frøylandsvatnet, ved Engelsvåg, til Figgjoelva, vest for Lonavatnet.

Planforslaget med alle vedlegg kan sjåast på papir på Klepp bibliotek.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 2. september 2019.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informerte om planarbeidet.

Forklaring til plankarta i 8 delar

Plankart er utarbeidd i tre delstrekningar fordelt på 8 ark. Plankarta ligg etter kvarandre i vedlagt pdf. Plan- og bygningslova krev at planar som regulerer på bakkeplan, under bakken og under vassflater skal utarbeidast for ulike nivå.

Dei første tre plankarta viser arealbruken på bakkeplan. Desse har størst interesse for å vurdere konsekvensar for berørte og tilgrensande eigedomar. Normal landbruksdrift kan fortsette over hovudvassleidningen – difor er arealbruken t.d. vist som landbruk.

Dei neste tre plankarta viser sikringssonen, 10 m på kvar side av leidningen «under bakken». I planbestemmelsen er det restriksjonar for å grave, sprenge og planting av tre for å hindre skadar på leidningen som ligg minimum 1,2, under bakken. Difor viser plankartet vassforsyning under bakken fordi dette medfører restriksjonar mot å grave medan landbruksdrift kan halde fram med vanleg drift på bakkeplan.

Der kor leidningen ligg under ei vassflate (Figgjoelva, Frøylandsvatnet) krev plan- og bygningslova utarbeiding av eige plankart. Det er bare 2 kart for område under vatn fordi det ikkje er elv eller vatn i området for det tredje plankartet.

 

Dokumenter i saka:

Utskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelser

Planbeskrivelse