Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 8170 vedteken plan

KUNNGJERING VEDTEKEN PLAN - PLANID 8170 - REGULERINGSPLAN (DETALJ) - GANG- OG SYKKELVEG - FV 507 ORRE - HÅ GRENSE

Kommunestyret i Klepp vedtok i sak 2/18 den 19. februar 2018 Planid 8170 – Reguleringsplan for gang- og sykkelveg fv. 507 Orre – Hå grense. Etter dette vedtaket kom det inn 4 klager frå 5 grunneigarar. Alle klager er blitt nøye vurdert av administrasjonen i Klepp kommune i tett dialog med Statens vegvesen. Hensikten har vore å sjå kva muligheter som fins for å imøtekomma dei ulike klagene. Alle klagene og tilhøyrande vurderingar vart lagt fram for kommunestyret for vedtak.

Kommunestyret i Klepp behandla i sak 48/18 i møte 18. juni 2018 desse klagene. To forhold i klagene som gjeld avkjørsler frå fv. 507 til jordbruksareal vart endra i vedtaket i kommunestyret. Dette gjeld avkjørsler ved pel 3200 og 3590/3600.

Reguleringsplankartet blir endra i samsvar med dette vedtaket. Planbestemmelsane er oppdatert tilsvarande. Dei andre klagene vart ikkje tatt til følgje av kommunestyret i Klepp.

Planen er vedtatt på nytt med desse to endringane 18. juni 2018. Det er difor ny klagerett på det siste vedtaket.

Planbestemmelsane med vedtaksdato 18.06.2018 finn du under.

Utskrift av møtebok

Planbestemmelsar

Endringar

Heile planen kan du få fram i eByggWeb ved å bruke denne linken. Linken ligg og på heimesida slik at du slepp å skrive den inn i nettlesaren.

https://geoinnsyn3.nois.no/release/#?application=SMARTGI31&project=Klepp&zoom=12&lat=6513030.95&lon=299116.65&srs=EPSG:32632&guid=65a5fe93-97ca&params=10100000&layers=1007,8014,1004,1003

Peik over den delen av gang- og sykkelvegen du er interessert i å sjå nærmare på og skroll med hjula på musa for å zoome.

 

Vi gjer merksam på at pr. torsdag 28. juni er visningen av planen på eByggWeb noko ustabilt. Av ein eller annen grunn som Klepp kommune ikkje har fått kontroll over viser dei to aktuelle endringane (sjå og figur 1) bare i spesielle zoomutnitt og zoom- målestokk mens den tidlegare planen med stengte avkøyringane, vist som dobble svarte streker skin gjennom ved andre visningar. Vi skriv dette for at ingen kjem i tvil om planen faktisk er endra. Vi jobber med å få kontroll over dette.

 

Informasjon om klage:
Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet.
Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje
tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.