Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

PlanId 8170 Gang- og sykkelveg FV 507 Orre - Hå

KUNNGJERING VEDTEKEN PLAN - PLANID 8170 - REGULERINGSPLAN (DETALJ) - GANG- OG SYKKELVEG - FV 507 ORRE - HÅ GRENSE

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 19.02.2018, sak 2/18, vedteke detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs fv 507, Orre - Hå grense, med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 23.06.16 – 26.08.16. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 24.06.16. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 23.06.16.

Planforslaget med alle vedlegg finn du ved i klikke på lenkene under:


Særutskrift av møtebok

Plankart del 1 av 5

Plankart del 2 av 5

Plankart del 3 av 5

Plankart del 4 av 5

Plankart del 5 av 5

Planomtale

Planbetemmelse

 

Informasjon om klage:

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter kunngjering.
Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune, til postmottak@klepp.kommune.no eller til Klepp kommun, Postboks 25, 4358 Kleppe. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.