Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 6320 G/S-veg Lalandsvegen Søre del

Klepp kommune varslar oppstart av detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen - Søre del - Tu. PlanID 6320.

 

Formålet med planarbeidet er å flytte kryssingspunktet for planlagt gang- og sykkelveg nærmare bebyggelsen på Tu.

 

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2017-06-21-854: Forskrift om konsekvensutredninger.

 

Oppstart av planarbeidet er varsla i Jærbladet og på Klepp kommune si heimeside www.klepp.kommune.no, under BYGG, MILJØ OG NÆRING → Planar → Reguleringsplanar → Varsel om regulering.

 

Merknader/synspunkt til varsel om planoppstart kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 8. juni 2018.

 

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

 

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under POLITIKK OG INNSYN → Møtekalender og politiske saksdokument → Hovudutval for lokal utvikling. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

 

Planområde