Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 6320 - Lalandsvegen søre del Tu

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 28.08.2018, sak 57/18 å legge detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen - søre del, Tu med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, alle datert 14.08.2018, ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget viser gang- og sykkelveg langs Lalandsvegen, frå krysset ved Postvegen og om lag 220 meter mot Klepp Stasjon. Vidare mot Klepp Stasjon gjeld «detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen», vedteken i juni 2016.

Det har i ettertid kome ei oppfordring til kommunen om å endre plassering av kryssingspunktet, der gang- og sykkelvegen skifter frå austsida til vestsida. Ei plassering tett inntil krysset med Postvegen, der det er fartsdempar i dag, vil gje auka tryggleik. Val av kryssingspunkt i gjeldande plan frå 2016 var fastlagt ut frå omsyn til fornminner på vestsida av Lalandsvegen. Arkeologane i fylkeskommunen tok ei ny vurdering og kunne frigi eit tidlegare registrert fornminne.

Administrasjonen har no utarbeidd ny plan for dei første 220 m for gang- og sykkelvegen for å få kryssingspunktet nærast mogleg Postvegen.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 22.10.2018.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale