Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 6320 - Gang- og sykkelveg - Lalandsvegen sør

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 04.02.2019, sak 10/19, vedteke detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen - søre del, Tu, med tilhøyrande planomtale og planbestemmelsar.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 13.2.2019.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 7.9.2018 – 22.10.2019. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 7.9.2018. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 7.9.2018.

Informasjon om klage: Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Klagen må være sendt seinast tre veker etter at du tok i mot dette brevet. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

Dokumenter i saka:

Særutskrift av møtebok frå Kommunestyret

Særutskrift av møtebok - 1. gongs behandling

Plankart

Planbestemmelsar

Planomtale