Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 4320 Gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen, nordre del, Klepp stasjon

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte 12.02.2019, sak 10/19 å legge detaljregulering for Gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen, nordre del, ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget viser gang- og sykkelveg langs Lalandsvegen på Klepp stasjon, frå Austhallet i nord til litt sør for bebyggelsen.

Planforslaget med alle vedlegg finn du under.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 5. april 2019.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informerte om planarbeidet.

 

Dokumenter i saka:

Særutskrift av møtebok

Plankart

Planomtale

Planbestemmelsar