Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 4320 Gang- og sykkelveg langs fv 252 Lalandsvegen-Nordre del-Klepp stasjon

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte 17.02.2020, sak  2/20, vedteke detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen - Nordre del med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale.

Kunngjering av planvedtaket blei annonsert i Jærbladet 28.02.2020.

Forslaget til reguleringsplan var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 22.02.2019 – 05.04.2019. Offentleg ettersyn vart varsla i Jærbladet 22.02.2019. Grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 22.02.2019.

Informasjon om klage:

Kommunestyrevedtaket kan klagast på til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetjing av klage vert det vist til kapittel 6 i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Ei klage blir kommentert av administrasjonen og lagt fram for hovudutval for lokal utvikling. Dersom hovudutvalet tek klagen til følge, blir planen endra i tråd med klagen. Dersom hovudutvalet ikkje tek klagen til følge blir saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast tre år frå
datoen du tok i mot dette brevet, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

Dokument i saka:

Utskrift av møtebok kommunestyret

Utskrift av møtebok samfunn og kultur

Plankart

Planomtale

Planbestemmelsar