Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 4320 Gang- og sykkelveg Lalandsvegen - nordre del

Klepp kommune varslar oppstart av detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen - Nordre del – Klepp stasjon. PlanID 4320.

 

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for bygging av gang- og sykkelveg langs Lalandsvegen fram til bebyggelsen på Klepp Stasjon.

 

Det kan bli aktuelt å invitere grunneigarar og andre som har interesse i planarbeidet til informasjons-/drøftingsmøte før planane blir lagt fram for politikarane i hovudutval for lokal utvikling.

 

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2017-06-21-854: Forskrift om konsekvensutredninger.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 8. juni 2018.

 

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

 

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under POLITIKK OG INNSYN → Møtekalender og politiske saksdokument → Hovudutval for lokal utvikling. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

 

Planområde