Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

PlanID 4280 og PlanID 4310 - Anda

Klepp kommune varslar oppstart av detaljregulering for fordrøyningsmagasin på Anda og områdereguleringsplan for Anda, Klepp stasjon.

Føremålet er at områdeplan, planID 4280, skal vise bustader (område 32 i Kommuneplanen), grønnstruktur med gangdrag mot togstopp, plassering av barnehagen, avklara vareutlevering for Hoff (potetmelfabrikken) og overgang mellom buss og tog. Detaljplan, planID 4310, skal vise fordrøyningsmagasin og regulera vasstand i Slakthusbekken. Grunneigarar i området for fordrøyningsmagasin vil få brev med meir informasjon og vert kalla inn til eit eige møte.

 

INFORMASJONSMØTE

Klepp kommune inviterer til ope informasjonsmøte om planarbeidet onsdag, 1. november, kl. 19:00, Engelsvoll skule. Møtet er ope for alle, også dei som ikkje får dette brevet.

Planområdet er vist som noverande (utbygd) bustader, framtidige bustader (område 32) framtidig off. tenesteområde (barnehage), noverande sentrumsformål og landbruk.

I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4 blir det og varsla at det blir forhandla fram utbyggingsavtale parallelt med reguleringsplanarbeidet.

Klepp kommune har som ansvarleg planmyndigheit vurdert at planarbeidet ikkje kjem inn under FOR-2014-12-19-1726: Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven.

Oppstart av planarbeidet blir varsla i Jærbladet og på Klepp kommune si heimeside www.klepp.kommune.no, under ”BYGG, MILJØ OG NÆRING” → Reguleringsplanar →” Varsel om regulering”.

Merknader/synspunkt til varsel om planoppstart kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 17.11.2017.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”POLITIKK OG INNSYN” → ”Møtekalender” → ”Hovudutval for lokal utvikling”. Klikk på aktuell møtedag for å få fram saksliste.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.

Kart over begge planområda