Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

PlanID 3540 Detaljregulering for Frøyland bru


Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 02.06.2020, sak 35/20 å legge detaljregulering for Frøyland bru, fv. 505, med tilhøyrande bestemmelsar og planomtale, ut til offentleg ettersyn.

 

Planen skal legge til rette for å bygge ei ny bru for både køyrande og for mjuke trafikantar over Frøylandsbekken. I tillegg er det planlagt ei rundkøyring i krysset Orstadvegen/O. G. Kvernelands veg med fotgjengarovergang over køyrefelta. Denne rundkøyringa har ein fjerde arm ned til BMX-banen. I tillegg er det regulert inn fortau i O. G. Kvernelands veg, mot idrettsanlegget, og gang- og sykkelveg ned til BMX-banen.

 

Nokon av vedlegga er gjeldande for begge kommunane.


Planomtale

Plankart samla

Plankart for Klepp kommune

Planbestemmelsar

ROS-analyse

Støysonekart

Rapport elveøkologiske undersøkingar

Merknader

Merknader med kommentarar

Utskrift møtebok

 

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 17. august 2020.

 

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for samfunn og kultur og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.